Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald
Lyd

Frå lyd til tekst – nivå 3

Lytt til setningar og øv deg på å binde dei saman med dei vanlegaste norske subjunksjonane.

Til læraren

Målet med oppgåva er at elevane skal binde saman setningar med subjunksjonar. Dei skal òg øve seg på å kjenne igjen heilsetningar og leddsetningar. I tillegg skal dei lære seg å bruke komma når ei setning startar med ei leddsetning.

Nokre av oppgåvene er lytteoppgåver. Då øver elevane både på lytting, staving og teiknsetjing.

Sjå an nivået til elevane. Nokre elevar kan ha nytte av å gjere oppgåva "Frå lyd til tekst – nivå 1" først. Ho handlar om å bruke punktum og stor bokstav rett. Oppgåva "Frå lyd til tekst – nivå 2" handlar om å binde saman setningar med konjunksjonar.

Del 1: Diskuter i par

Sit saman to og to. Sjå på setningane under. Les dei høgt og svar på spørsmåla under.

  1. Kvar setning har ei i seg. Kva er leddsetninga?

  2. Kvar leddsetning startar med ein . Kva er subjunksjonen?

  3. Nokre setningar har komma, andre ikkje. Når skal vi bruke komma saman med leddsetningar?

    • Når eg badar, blir eg alltid glad.

    • Han åt mykje fordi maten var god.

    • Eg veit at han klarer oppgåva.

    • Viss du har tid, bør du besøke bestemor.

    • Då eg var liten, spelte eg fotball.

    • Eg blir heime sidan veslebror er sjuk.

Fasit

  • Når eg badar, blir eg alltid glad.

Leddsetninga er Når eg badar. Subjunksjonen er når.

  • Han åt mykje fordi maten var god.

Leddsetninga er fordi maten var god. Subjunksjonen er fordi.

  • Eg veit at han klarer oppgåva.

Leddsetninga er at han klarer oppgåva. Subjunksjonen er at.

  • Viss du har tid, bør du besøke bestemor.

Leddsetninga er Viss du har tid. Subjunksjonen er viss.

  • Då eg var liten, spelte eg fotball.

Leddsetninga er Då eg var liten. Subjunksjonen er .

  • Eg blir heime sidan veslebror er sjuk.

Leddsetninga er sidan veslebror er sjuk. Subjunksjonen er sidan.

Kommaregel

  • Du skal bruke komma når leddsetninga er først i setninga. Kommaet skal stå framfor subjunksjonen.

  • Når leddsetninga står sist i setninga, skal du ikkje bruke komma.

Del 2: Skriv setninga rett

No skal du øve på å binde saman heil- og leddsetningar med subjunksjonar. Lytt til setningane og skriv dei rett med stor bokstav og punktum. Hugs komma viss leddsetninga står først.

Du kan òg lese orda i setningane over boksen du skal skrive inn i.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

Del 3: Kva betyr eigentleg subjunksjonane?

No har du brukt subjunksjonane når, , viss, fordi, at og sidan i setningar. Men er du heilt sikker på kva orda betyr?

  1. Set om setningane under til førstespråket ditt.

    • eg var liten, budde vi i England.

    • Når eg er sjuk, søv eg mykje.

    • Viss han kjem, blir eg glad.

    • Han blir sein fordi bussen er forseinka.

    • Eg veit at eg har rett.

    • Sidan han trenar mykje, er han sterk.

  2. Gå saman med ein medelev og diskuter korleis de bruker subjunksjonane når, , viss, fordi, at og sidan på norsk og på førstespråket dykkar.

  3. Lag ei setning på norsk til kvar subjunksjon saman.

  4. Byt med andre elevar i klassen og diskuter om de har brukt subjunksjonane rett.

Kva betyr subjunksjonane? Fasit

Vi har òg omsett subjunksjonane til engelsk. Dette kan hjelpe deg om du er god i engelsk. Viss du treng å øve meir på engelsk, kan det hjelpe å sjå kva for ord som liknar på norsk og engelsk.

Når

viser tid, noko som skjer fleire gonger.

  • Når det regnar, blir bakken våt.

Engelsk: When it rains, the ground gets wet.

viser tid, noko som skjedde éin gong.

  • eg var liten, budde eg i Bergen.

Engelsk: When I was little, I lived in Bergen.

Viss

viser at noko kan eller ikkje kan skje. Det er situasjonen som avgjer om det skjer.

  • Viss det regnar, tek vi bussen.

(Vi tek bussen berre om det regnar.)

Engelsk: If it rains, we take the bus.

Fordi

viser ei årsak. Her er regnet årsaka til at "eg" tek bussen:

  • Eg tek bussen fordi det regnar.

Engelsk: I take the bus because it is raining.

Sidan

viser ei årsak. Vi bruker "sidan" og "fordi" på same måten.

  • Sidan det regnar, blir vi inne.

Engelsk: Because it is raining, we are staying inside.

At

bind saman to delar av ei setning og fortel kva nokon meiner, seier eller tenker.

  • Eg trur at det blir fint ver i morgon.

Engelsk: I think that the weather will be nice tomorrow.

Del 4: Fyll inn rett subjunksjon

Bind heilsetningane saman med anten når, , viss, at, sidan eller fordi.

Del 5: Skriv det du høyrer

I denne oppgåva skal du skrive to setningar inn i boksen. Målet er å få til rett teiknsetjing.

Hugs

  • komma viss setningar startar med leddsetninga

  • ikkje komma viss leddsetninga står til slutt

  • punktum når du startar på ei ny setning

Døme

Det står:

  • då eg var liten budde vi i bergen no bur vi i oslo

Du skriv:

  • Då eg var liten, budde vi i Bergen. No bur vi i Oslo.

Du kan lytte til setningane ved å trykke på .

A.

B.

C.

D.

E.

Del 6: Skriv setningar

Under ser du eit heilt avsnitt utan komma, punktum og store bokstavar.

Gjer dette:

  • Skriv kvar setning med punktum i boksane under.

  • Hugs komma viss setninga startar med ei leddsetning.

  • Du kan få tips viss du trykker på i-knappen.

Over oppgåva er det ei lydfil. Trykk på denne viss du vil lytte til avsnittet.

Frå lyd til tekst – nivå 3: Fotballstjerna Daniel

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 7: Lag eigne setningar

  1. Fullfør setningane under med eigne ord.

    • Då eg var liten, ...

    • Fordi det er varmt i dag, ...

    • Sidan han kjem på besøk no, ...

    • Når eg er svolten, ...

    • Eg veit at ...

    • Viss nokon seier noko slemt til meg, ...

  2. Byt så setningane med ein annan elev og gi kvarandre tilbakemelding på om de har skrive rett. Spør læraren om de er i tvil.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.06.2025