Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Lyd
Interaktivt innhald

U eller O?

Synest du det er vanskeleg å høyre forskjellen på U og O på norsk? I denne oppgåva skal du både lytte, skrive og snakke for å bli flinkare til å skilje desse to vokalane frå kvarandre.

Del 1: Korleis skal du seie U og O?

Sjå filmen (lengde 01:49)

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Korleis skal du seie U?

Når du skal øve på å seie U, kan det hjelpe deg å starte med ein I. er bak tennene nede, og er oppe i . Så formar du leppene som om du skal og lagar lyden: U. Du finn U i ord som

  • hus

  • pus

  • ku

  • lue

Du kan òg prøve å plystre først, for så å seie orda. Behald plystremunnen når du skal seie dei!

Korleis skal du seie O?

Slik lagar du ein O: Lag runde lepper som om du skal plystre. Lag lyden i halsen, O er nemleg ein bakre vokal. Tunga er litt bak tennene, ho rører ikkje ved tennene: O. Du finn O i ord som

  • skole

  • kos

  • bord

Kva er forskjellen på U og O?

O-lyden lagar du lengre bak i halsen enn U. Dessutan har du tunga inntil tennene når du lagar U, men ikkje når du lagar O. Tunga er flatare når du lagar O enn når du lagar U. Ein siste ting: Leppene er litt når du lagar O enn U.

Øv sjølv

Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller éin og éin. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom U og O.

tur –

– bord

– mor

Her kan de høyre korleis de skal uttale orda:

U eller O: Øv selv

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 2: Lytt og skriv

Trykk på lydikonet, lytt til lyden og skriv ned ordet som stemma ber deg om å skrive. Du skal bruke små bokstavar heile tida når du skriv inn svaret ditt.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

G.

H.

I.

J.

Del 3: Øv i par

Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane U og O. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller éin og éin. Det som er viktig, er at de gir kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale U og O tydeleg.

  1. I går drog eg på tur med vennen min, Tor.

  2. Eg har ein fugl som bur i bur.

  3. I går bygde mor ein mur utanfor huset.

  4. For ei kul mor du har, sa Tor til meg mens vi gjekk tur.

  5. Vi har ein hund i huset som heiter Ole. Av og til er han i bur.

  6. Hund! Kult! Vi har både hund, pus, fugl og skogmus.

Her kan de høyre på setningane:

U eller O: Øv i par

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 4: Historia om Tor og Tuva

Til læraren

Mange elevar kan bli frustrerte viss dei synest medelevane uttaler U og O uklart fordi dei vil "vinne". Derfor vil dei kanskje heller at læraren skal seie teksten, men det er jo elevane som skal øve, ikkje læraren. Be derfor elevane vere tolmodige og hjelpe kvarandre med å lage lydane. Sei at det er lov å stoppe og spørje den som snakkar om å repetere lydane.

Du kan òg gi historia om Tor og Tuva som heimelekse. Be eleven lese teksten høgt heime og spele inn lyden. Eleven kan sende lydfila til deg og få tilbakemelding på uttalen.

A. Snakk – lytt – skriv

I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Éin skal lese historia om Tor og Tuva høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med .

Historia om Tor og Tuva – til den som skal lese

Tor og Tuva bur i eit hus på landet. Utanfor huset er det eit stort bur. Der bur hunden Rune. Rune er ein lur hund som passar huset. Ein dag opnar Tuva buret. "Kom ut, Rune!" roper ho. Rune hoppar ut og spring mot skogen. Tor tek på skoa sine og roper: "Vent, Rune!" I skogen finn Rune ei stor . Under rota ligg ein fugl. Tor og Tuva løftar rota og ser på fuglen. "Han er skadd," seier Tuva. Dei tek fuglen heim til huset og legg han i buret. Rune snusar på fuglen og legg seg ved sida av.

B. Lytt til historia om Tor og Tuva

Lytt til historia om Tor og Tuva under. Legg merke til korleis du skal seie orda med U og O. Du kan ha teksten framfor deg, viss du vil det. Teksten finn du i boksen i oppgåve A.

U eller O? Historien om Tor og Tuva

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

C. Les teksten høgt

Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 4A. Byt på å lese teksten om Tor og Tuva høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med U og O rett. Hjelp kvarandre med å gi råd om korleis de skal forme lepper og halde tunga på rett stad.

Del 5: Ola og Ulla på rullebanen

Snakk – lytt – skriv

Hald fram med å sitje i dei same gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om Tor og Tuva. Den som skal lese, les historia om Ola og Ulla på rullebanen (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.

Historia om Ole og Ulla på rullebanen

Ola og Ulla jobbar på rullebanen på ein flyplass. Ola hjelper til med koffertane, og Ulla snakkar med . Ein dag seier Ulla: "Eit fly må lande fort!" Ulla roper: "Kom igjen! Vi må hjelpe flyet ut på rullebanen. Dette er alvor, ikkje tull!" Ola spring ut for å lose piloten dit han skal lande. Flyet landar trygt, og piloten seier: "Tusen takk!" Ulla smiler og seier til Ola: "Du var kjempeflink i dag!". No kjem alle flya på rullebanen.

Her kan de høyre historia om Ola og Ulla. Lytt gjerne til ho, og øv dykk på å uttale orda med U og O.

U eller O? Ola og Ulla på rullebanen

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 6: Nye ord

Når du jobba med denne oppgåva, møtte du nokre nye ord.

  1. Lag ei ordbok der du set om dei nye orda du har lært til førstespråket ditt.

  2. Øv deg på å uttale orda på norsk.

  3. Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.

Del 7: Konkurranse

Sit i par eller grupper. Kven klarer å komme på flest norske ord med U og O i seg på tre minutt? Skriv ned orda og samanlikn.

Øv deretter på å seie orda høgt.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 02.05.2025