Norske vokalar

Kvifor er norske vokalar vanskelege?
I norsk er det mange ulike vokallydar – fleire enn i mange andre språk. Til dømes har norsk både korte og lange vokalar. Dessutan høyrest mange vokalar ganske like ut, som Ø og Å, eller U og O. Dette kan gjere det vanskeleg å høyre forskjell og å uttale dei rett.
Vokalene A, O, Å, Æ og E
Desse vokalane er dei lettaste å få til når du skal lære norsk, sidan det er vokalar mange har i førstespråket sitt.
Sjå filmen Vokalane a–o–å–æ–e (lengde 2:57).
Kva kan vere vanskeleg med desse vokalane?
Det er forskjell på bokstav og lyd. Bokstaven er teiknet du skriv. Lyden er slik du uttaler bokstaven. Éin bokstav kan uttalast med ulike lydar. Det gjeld spesielt vokalane.
I tillegg er det forskjell frå dialekt til dialekt kva for ein lyd som blir brukt for bokstavane i somme ord. I døma under viser vi nokre vanlege måtar å uttale vokalane på. Det kan vere at dialekten du kjenner, uttaler somme av orda annleis. Spør læraren!
Bokstaven O viser både Å- og O-lyd
Sjå på dette dømet:
Sola kom.
Bokstaven O blir brukt i både ordet "sola" og ordet "kom", men det er vanleg å uttale bokstaven ulikt, på denne måten: "sOla kÅm".
Ordet "sol" skal altså ha O-lyd, mens "kom" skal ha Å-lyd.
Bokstaven E viser både E- og Æ-lyd
Også bokstaven E kan bli brukt til to ganske ulike lydar: E og Æ. Her er eit døme:
Her er ein sel.
I dei to første orda, "Her er", er det vanleg å uttale bokstaven E med ein Æ-lyd: "hÆr Ær", mens i dei to neste orda er det vanleg å uttale bokstaven E med ein E-lyd: "Ein sEl."
Tips
Hugs at same bokstav kan ha ulike lydar, så du må lytte nøye når du lærer nye ord. For å lære forskjellen bør du prøve å seie orda høgt mange gonger.
Vokalen Ø
Sjå filmen Vokalen Ø (lengde 1:02).
Tips til øvingar
Viss du vil øve meir på vokalen Ø, kan du gjere desse øvingane:
Vokalen U
Sjå filmen Vokalen U (lengde 1:04).
Tips til øvingar
Viss du vil øve meir på vokalen U, kan du gjere desse øvingane:
Vokalen I
Sjå filmen Vokalen I (lengde 0:53).
Tips til øvingar
Viss du vil øve meir på vokalen I, kan du gjere desse øvingane:
Vokalen Y
Mange synest det er vanskeleg å høyre forskjellen på vokalen I og vokalen Y. Derfor er det ein vanleg feil å bruke vokalen I der det eigentleg skal vere Y.
Sjå filmen om forskjellen på vokalen I og Y og øv deg på å lytte og uttale dei to lydane (lengde 0:53).
Tips til øvingar
Viss du vil øve meir på vokalen Y, kan du gjere desse øvingane: