Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Lyd
Interaktivt innhald

B eller P?

Synest du det er vanskeleg å høyre forskjellen på B og P på norsk? I denne oppgåva skal du både lytte, skrive og snakke for å bli flinkare til å skilje desse to konsonantane frå kvarandre.

Del 1: Korleis skal du seie B og P?

Sjå filmen (lengde 02:11)

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Korleis skal du seie B?

Når du lagar lyden B, skal du lukke leppene saman. Lag stemme i halsen. Slepp så leppene varsamt frå kvarandre mens du lagar lyd: B. Du finn denne lyden i ord som

  • ball

  • billig

  • bort

Korleis skal du seie P?

Lukk leppene saman. Ikkje lag stemme i halsen. Slepp leppene fort frå kvarandre med ein liten luft-eksplosjon, altså at det kjem mykje luft ut mellom leppene dine: P. Du finn P i ord som

  • par

  • panne

  • pris

Kva er forskjellen på B og P?

Det er spesielt dei med somali og arabisk som førstespråk, som synest desse lydane er vanskelege å skilje. Årsaka er at desse språka ikkje har P. Lydane verkar ganske like sidan begge blir laga med leppene klemde mot kvarandre.

Den viktigaste forskjellen mellom B og P er at B er stemd, mens P er ustemd. Det betyr at B blir laga i halsen, mens P ikkje gjer det. Følg desse tipsa for å øve på forskjellane:

Korleis lage lyden B (stemd lyd)?

  • Lukk leppene heilt.

  • Inga luft slepper ut.

  • Lag lyd med .

  • Du kan kjenne i halsen fordi stemmebanda jobbar.

  • Slepp leppene .

  • Lufta kjem ut, og lyden blir kort og "mjuk".

  • Døme: Sei "banan" sakte. Legg ei hand på halsen – du kjenner vibrasjon på B.

Korleis lage lyden P (ustemd lyd)?

  • Lukk leppene heilt.

  • Inga luft slepper ut.

  • Ikkje lag lyd med stemmebanda.

  • Ingen vibrasjon i halsen – berre pust.

  • Slepp leppene raskt.

  • Lufta slepper ut med meir kraft, og lyden blir "skarp".

  • Døme: Sei "pære" sakte. Legg ei hand på halsen – ingen vibrasjon på P.

Øv sjølv

Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller éin og éin. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom B og P.

  • buss –

  • bil –

  • – bort

  • best –

Her kan de høyre korleis de skal uttale orda:

Minimale par – B og P

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 2: Lytt og skriv

Trykk på lydikonet, lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive. Du skal bruke små bokstavar heile tida når du skriv inn svaret ditt.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

G.

H.

I.

J.

Del 3: Øv i par

Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane B og P. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller éin og éin. Det som er viktig, er at de gir kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale B og P tydeleg.

  1. Pila trefte bilen bak porten.

  2. Eg såg eit par gå inn på ein bar der borte.

  3. Eg ser ein skiten buss som treng ein puss.

  4. Pest er ikkje best på fest.

  5. bort til ein port og skyt pila bilen med .

  6. Fine par bruker berre brune .

Her kan du høyre korleis du skal seie setningane:

B eller P? Setningar med B og P

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 4: Historia om Per, Billy og Petter

Til læraren

Mange elevar kan bli frustrerte viss dei synest medelevane uttaler B og P uklart fordi dei vil "vinne". Derfor vil dei kanskje heller at læraren skal seie teksten, men det er jo elevane som skal øve, ikkje læraren. Be derfor elevane vere tolmodige og hjelpe kvarandre med å lage lydane. Sei at det er lov å stoppe og spørje den som snakkar om å repetere lydane.

Du kan òg gi historia om Per, Billy og Petter som heimelekse. Be eleven lese teksten høgt heime og spele inn lyden. Eleven kan sende lydfila til deg og få tilbakemelding på uttalen.

A. Snakk – lytt – skriv

I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Éin skal lese historia om Per, Billy og Petter høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med .

Historia om Per, Billy og Petter – til den som skal lese

Per og Petter spelte ball bak porten. Billy kom forbi med ein stor blå paraply.

"Pass på ballen!" ropte Billy. "Han kan treffe paraplyen." Per sparka ballen, og ballen porten og trilla under ein buss.

"Ballen er borte!" sa Petter. Billy peikte bak benken. Per løp og fann ballen.

"Bra sett, Billy!" sa han.

Så kom paret Pål og Bahia forbi. Per og Petter helste fint og spelte vidare.

B. Lytt til historia om Per, Billy og Petter

Lytt til historia om Per, Billy og Petter under. Legg merke til korleis du skal seie orda med B og P. Du kan ha teksten framfor deg, viss du vil det. Teksten finn du i boksen i oppgåve 4A.

B eller P? Historia om Per, Billy og Petter

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

C. Les teksten høgt

Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 4 A. Byt på å lese teksten om Per, Billy og Petter høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med P og B rett. Hjelp kvarandre med å gi råd om korleis de skal lage stemd og ustemd lyd rett.

Del 5: Historia om Bella og Pelle

A. Snakk – lytt – skriv

Hald fram med å sitje i dei same gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om Per, Billy og Petter. Den som skal lese, les historia om Bella og Pelle (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.

Historia om Bella og Pelle

Paret Bella og Pelle leika på stranda med eit par . Ein liten flaug bort og sette seg på bøtta.

"Sjå på den fine papegøyen!" sa Bella. Pelle prøvde å klappe han, men papegøyen flaug opp på ein .

"Bli med bort til palmen," sa Pelle.

Dei plukka opp ein og kasta han bort for å leike med hunden Bobby. Bobby , hoppa og jaga pinnen til han fall i sanden.

Her kan de høyre historia om Bella og Pelle:

B eller P? Historia om Bella og Pelle

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 6: Nye ord

Når du jobba med denne oppgåva, møtte du nokre nye ord.

  1. Lag ei ordbok der du set om dei nye orda du har lært til førstespråket ditt.

  2. Øv deg på å uttale orda på norsk.

  3. Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.

Del 7: Konkurranse

Sit i par eller grupper. Kven klarer å komme på flest norske ord med B og P i seg på tre minutt? Skriv ned orda og samanlikn.

Øv deretter på å seie orda høgt.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 02.05.2025