Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald
Lyd

Frå lyd til tekst – nivå 4

Lytt til setningar, lag korte avsnitt og øv deg på å skrive setningar som heng saman.

Del 1: Finn feilen i setningane

Sit saman to og to.

Del 2: Fortel att dei viktigaste reglane

Sit i par.

I del 1 forklarte de kva som var gale med setningane ved å bruke reglar og fagomgrep. Kan de reglane no?

Test dykk sjølve:

Kvar setning under manglar eitt eller to ord (fagomgrep). Finn dei rette orda og fullfør reglane.

De skal bruke desse fagomgrepa:

komma, konjunksjonar, subjunksjon, punktum, stor bokstav, leddsetning

  1. Alle setningar skal starte med stor ...

  2. Alle setningar skal slutte med ...

  3. Du bruker ... til å binde saman heilsetningar.

  4. Du må hugse ... når du bind saman heilsetningar.

  5. Du bruker ... for å binde saman heil- og leddsetningar.

  6. Du må hugse ... når du startar ei setning med ein ...

  7. Når ... står til slutt, skal du ikkje ha ...

Fasit

Alle setningar skal starte med stor bokstav.

Alle setningar skal slutte med punktum (viss dei ikkje er spørjesetningar eller setningar som krev utropsteikn).

Du bruker konjunksjonar til å binde saman heilsetningar.

Du må hugse komma når du bruker konjunksjonar til å binde saman heilsetningar.

Du bruker subjunksjonar for å binde saman heil- og leddsetningar.

Du må hugse komma når du startar ei setning med ei leddsetning / ein subjunksjon.

Når leddsetninga står til slutt, skal du ikkje ha komma.

Del 3: Skriv avsnittet rett

Jobb åleine. Avsnittet under har nokre feil med

  • stor bokstav

  • punktum

  • komma

Skriv avsnittet rett. Du kan trykke på lydfila under oppgåva for å høyre avsnittet lese opp. Høyr etter kvar pausane er. Det kan hjelpe deg med å forstå kvar det skal vere komma og punktum.

A.

Lytt og skriv – nivå 4: Prinsessa

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

B.

Lytt og skriv – nivå 4: På skulen

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

C.

Lytt og skriv – nivå 4: Argument mot lekser

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

D.

Lytt og skriv – nivå 4: Jenta og guten

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

E.

Lytt og skriv – nivå 4: Slem hovudperson

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 4: Set setningane i rett rekkefølge

Set leddsetningane og heilsetningane i rett rekkefølge. Legg merke til kvar det er punktum og komma.

Del 5: Skriv avsnittet rett

Under ser du eit avsnitt utan teiknsetjing. Lytt til avsnittet og skriv det rett ved å bruke reglane du har lært om komma og punktum.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 30.05.2025