Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Lyd

Korleis øve på norsk uttale

Å lære seg god uttale av norsk er viktig for å bli forstått. Her får du nokre tips til kva du kan gjere for å bli flinkare.

Før du les

I denne artikkelen blir desse fagomgrepa brukte:

Lydsamansetning
Lydsammensetningar er når vi set saman fleire lydar for å lage eit ord. I ordet "snø" er det tre lydar som blir sette saman: to konsonantar og ein vokal.
Staving
Staving er ein del av eit ord. Du kan klappe ei staving. Til dømes har ordet "skule" to stavingar: sku + le.
Trykk
Her: Trykk i uttale er når vi legg vekt på ei staving i eit ord, seier ho med ekstra styrke. Nokre ord forandrar betydning når du plasserer trykket på første eller andre staving. Døme: sola og bønner.

Kva er det lurt å øve mest på?

Når du skal lære deg å snakke norsk, må du øve på enkeltlydar og lydsamansetningar. Korleis skal du uttale vokalane og konsonantane for seg sjølve, og kva skjer med lydane når dei står saman med andre i ord?

I tillegg må du øve på det vi kallar melodien i språket. Kvar skal du plassere trykket i eit ord med fleire i norsk? Også setningar kan skifte betydning etter korleis vi seier dei. Korleis får du til å vise med tonefall at setninga er eit spørsmål?

Prøv å seie desse setningane som både forteljande setningar og som spørsmål:

  • Du er glad i is. / Du er glad i is?

  • Du ryddar rommet ditt. / Du ryddar rommet ditt?

Her kan du lytte til setningane:

Tonefall og setningar

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Ord som liknar, men ikkje betyr det same

Skal du vatne plenen eller dra ned til vatnet? I det første dømet går du opp på slutten av ordet. I det andre går du ned. I norsk er det fleire slike ord som blir nesten likt uttalte, men som ikkje betyr heilt det same. Du må høyre på tonen og trykket i ordet for å skilje dei.

Øv på å lytte

Å høyre norsk ofte hjelper deg med å forstå korleis du skal seie orda og setningane. Prøv å høyre på norsk musikk, sjå norske seriar eller filmar, eller lytt til norske . Då høyrer du korleis ord og setningar blir uttalte i ekte situasjonar.

Vel deg gjerne ut nokre ord og setningar du vil lære. Stopp filmen eller podkasten og prøv å gjenta orda og høgt slik dei blir sagde.

Tips!

Du kan lytte gratis til podkastar fleire stader:

NRK Radio

NDLA

Norskpodden

Norsklærer Karense (på Open Spotify, krev innlogging)

Norsk med Cornelia (på Open Spotify, krev innlogging)

Finn eit tema du er interessert i!

Snakk med andre

Jo meir du snakkar norsk, jo betre blir du! Viss du kan, prøv å snakke norsk med venner, lærarar eller familie. Sjølv om du gjer feil, lærer du mykje av å prøve.

Du kan be dei du snakkar med om hjelp undervegs. Til dømes kan du spørje om dei kan seie eit ord for deg viss du er usikker på korleis du skal seie det.

Bruk spegel for å øve på lydar

Nokre lydar i norsk kan vere vanskelege. Sjå deg sjølv i spegelen når du seier ord. Då kan du sjå korleis munnen din bevegar seg, og du kan han om nødvendig.

Øv gjerne på lydane som kan vere vanskelege for deg (og mange andre), som lydane i orda "skjere" og "skule". Begge orda blir skrivne med sk, men vi uttaler dei ikkje likt. Prøv å få til den rette "sj"-lyden i ordet "skjere" og "sk"-lyden i ordet "skule".

Bruk Bildetema til å høyre på enkeltord

I den fleirspråklege biletordboka Bildetema kan du høyre korleis du uttaler mange vanlege ord. Spel av lyden og gjenta det du høyrer.

Ikkje ver redd for å gjere feil

Det er heilt normalt å gjere feil når du lærer eit nytt språk. Ikkje ver redd for å prøve! Alle som lærer noko nytt, gjer feil i starten, og det er gjennom feila vi lærer.

Lykke til! Øving må til for å bli flink. Det viktigaste er å prøve litt kvar dag.

Relatert innhald

Bruk Bildetema

Lær korleis du kan bruke "Bildetema" til å utvide ordforrådet ditt.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 27.04.2026