I eller Y?
Del 1: Korleis skal du seie I og Y?
Sjå filmen (lengde 00:53)
Korleis skal du seie I?
Dei fleste språk har vokalen I. Du set tungespissen bak tennene nede. For å seie I, trekker du leppene litt tilbake, som når du smiler. Lag så lyden. Det liknar på den engelske lyden i ord som see eller me. På norsk bruker vi lyden i smile og is.
Korleis skal du seie Y?
Eit godt tips for å øve på å seie Y rett, er å først lage I-lyden. Mens du lagar han, rundar du leppene, som eit kyss! Då får du Y.
Y skal du altså seie med heilt runde lepper, tungespissen inntil tennene nede og tungeryggen opp mot ganen. Prøv sjølv. Du kan seie: kysse, sy og sky.
Øv sjølv
Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller éin og éin. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom Y og I.
sky – ski
ny – ni
sy – si (bokmål)
lyn – lin
Her kan du lytte til orda:
Minimale par I og Y
Del 2: Lytt og skriv
Trykk på lydikonet, lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive. Du skal bruke små bokstavar heile tida når du skriv inn svaret ditt.
A.
B.
C.
D.
E.
F.
Del 3: Øv i par
Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane I og Y. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller éin og éin. Det som er viktig, er at de gir kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale Y-en tydeleg. Hugs kyssemunn!
Eg har kjøpt meg nye ski.
Det er ei kvit sky på himmelen.
Sei sky og dytt blyanten hit.
Klokka er ni, du må kjøpe ei ny klokke.
Eg skal sei til henne at ho må sy ein ny duk.
Lise har fått ei lommelykt. No kan Lise lyse i mørket.
Her kan de lytte til setningane:
Øv på setningar med I og Y
Del 4: Historia om Lise med mange Y-ar og I-ar
A. Snakk – lytt – skriv
I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Ein skal lese historia om Lise høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med stavinga.
B. Lytt til historia om Lise
Lytt til historia om Lise under. Legg merke til korleis du skal seie orda med Y og I. Du kan ha teksten framfor deg, viss du vil det. Du finn teksten i boksen i oppgåve A.
Historie med I og Y
C. Les teksten høgt
Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 3A. Byt på å lese teksten om Lise høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med I og Y rett. Hjelp kvarandre med å gi råd om korleis de skal forme lepper og halde tunga på rett stad.
Del 5: My og tyggeleika
Snakk – lytt – skriv
Hald fram med å sitje i gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les, enn den som las historia om Lise. Den som skal lese, les historia om hunden My og tyggeleika (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.
Her kan de lytte til historia om My og tyggeleika:
Historia om My og tyggeleika
Del 6: Nye ord
Når du jobba med denne oppgåva, møtte du nokre nye ord.
Lag ei ordbok der du set om dei nye orda du har lært til førstespråket ditt.
Øv deg på å uttale orda på norsk.
Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.
Del 7: Konkurranse
Sitt i par eller grupper. Kven klarer å komme på flest norske ord med I og Y i seg på tre minutt? Skriv ned orda og samanlikn.
Øv deretter på å seie orda høgt.