Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Lyd
Interaktivt innhald

U eller Y?

Synest du det er vanskeleg å høyre forskjellen på Y og U på norsk? I denne oppgåva skal du både lytte, skrive og snakke for å bli flinkare til å skilje desse to vokalane frå kvarandre.

Korleis seier du U og Y?

Sjå filmen "u eller y" (lengde 1:44).

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Del 1: Korleis skal du seie U og Y?

Korleis skal du seie U?

Når du skal øve på å seie U, kan det hjelpe deg å starte med ein I. er bak tennene nede. Så formar du leppene som om du skal : Uuuu. Du skal altså ikkje ha kyssemunn som i Y, men ein plystremunn: Uuuu. Du finn U i ord som

  • hus

  • pus

  • ku

  • lue

Du kan òg prøve å plystre først, for så å seie orda. Behald plystremunnen når du skal seie dei!

Korleis skal du seie Y?

Eit godt tips for å øve på å seie Y rett er å først lage I-lyden. Mens du lagar han, rundar du leppene, som eit kyss! Då får du Y. Y skal du altså seie med heilt runde lepper og tungespissen inntil tennene nede og opp mot . Prøv sjølv. Du kan seie: kysse, sy og sky.

Øv sjølv

Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller éin og éin. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom U (med plystremunn) og Y (med kyssemunn).

  • – lys

  • mus –

  • mur –

  • sure –

  • byen – n (bokmål)

Lytt til orda

Her kan du lytte til orda over. Dei er alle minimale par. Det betyr at det einaste som skil orda, er ulike vokallydar.

Minimale par U og Y

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 2: Lytt og skriv

Trykk på lydikonet, lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive. Du skal bruke små bokstavar heile tida når du skriv inn svaret ditt.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

G.

H.

I.

Del 3: Øv i par

Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane U og Y. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller éin og éin.

Det som er viktig, er at de gir kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale U-en og Y-en tydeleg. Hugs plystremunn og kyssemunn!

  1. Musa stille ut av .

  2. Vi har eit hus som ligg på ei myr. Det skal få ny mur.

  3. I går fekk eg eit kyss då eg tok ein buss til Oslo.

  4. Lise er ute i lyset. Det er så lyst, at homyse.

  5. Ylva kryp under muren for å hente lua til Rune.

Lytt til setningane

Her kan de lytte til setningane over:

U og Y: Setningar i par

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 4: Historia om pusen og musa med mange Y-ar og U-ar

Til læraren

Sidan oppgåvene under har eit konkurranse-element ved seg, kan mange elevar bli frustrerte viss dei synest medelevane uttaler Y og U uklart. Derfor vil dei kanskje heller at læraren skal seie teksten, men det er jo elevane som skal øve, ikkje læraren. Be derfor elevane vere tolmodige og hjelpe kvarandre med å lage lydane. Sei at det er lov å stoppe og spørje den som snakkar om å repetere lydane.

Historiene under kan òg vere heimelekse. Be eleven lese teksten høgt heime og spele inn lyden. Eleven kan sende lydfila til deg og få tilbakemelding på uttale.

A. Snakk – lytt – skriv

I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Ein skal lese historia om pusen og musa høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med å stave orda.

Historia om pusen og musa – til den som skal lese

Pusen og musa bur i eit hus. Huset ligg på ei myr med mange buskar. Ein dag flyr ei over buskane i myra. Då begynner musa å luske ute i buskane. Ugler et nemleg mus, men det gjer jo pusar òg! Ein dag kryp musa ut frå busken. Ho vil ha lys, ser mot sola og myser. Då kjem ugla, og så bur pusen åleine i huset på myra blant buskane!

Historia om pusen og musa: Til dykk som skal lytte og skrive: Skriv inn orda som manglar i historia i dei tomme boksane under:

B. Lytt til historia om pusen og musa

Lytt til historia om pusen og musa under. Legg merke til korleis du skal seie orda med U og Y. Du kan ha teksten framfor deg, viss du vil det. Du finn han i boksen i oppgåve A.

Historia om pusen og musa

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

C. Les teksten høgt

Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 4A. Byt på å lese teksten om pusen og musa høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med U og Y rett. Hjelp kvarandre med å gi råd om korleis de skal forme leppene.

Del 5: Historia om Ylva og Rune

A. Snakk – lytt – skriv

Hald fram med å sitje i dei same gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om pusen og musa. Den som skal lese, les historia om Ylva og Rune (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.

Historia om Rune og Ylva

Rune og Ylva skulle pusse opp huset sitt. I stua var det mykje å gjere. Ylva rydda unna kassar, mens Rune bygde nye hyller. Ylva sa at lyset var for dårleg. Derfor drog ho til sentrum og kjøpte ei lampe. Då ho kom heim, skrudde ho den opp, men Rune måtte krype under bordet for å hente nokre .

Snart var huset klart for gjester, med lyse rom, og alle borda hadde fått dukar. I alle hyllene var det , og på golvet stod ein lysebrun pult.

B. Lytt til historia om Rune og Ylva

Her kan du lytte til historia om Rune og Ylva:

Historia om Rune og Ylva

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 6: Nye ord

I denne oppgåva har du kanskje møtt nokre nye ord.

  1. Lag ei ordbok der du set om dei nye orda du har lært til førstespråket ditt.

  2. Øv deg på å uttale orda på norsk.

  3. Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.

Del 7: Konkurranse

Sit i par eller grupper. Kven klarer å komme på flest norske ord med U og Y i seg på tre minutt? Skriv ned orda og samanlikn.

Øv deretter på å seie orda høgt.

Kjelder

Knudsen C. S. & O. Husby. (2020). Uttaleundervisning. Fra teoretisk innsikt til praktisk anvendelse i klasserommet. Fagbokforlaget.

Knudsen C. S. (30.03.2017). Meningsdrevet uttaleundervisning i klasserommet. Språkprat. https://sprakprat.no/2017/03/30/meningsdrevet-uttaleundervisning-i-andrespraksklasserommet/

Knudsen C. S. (u.å.). Hva er egentlig forskjellen mellom "u" og "y"? Språkprat. https://sprakprat.no/2020/04/03/hva-er-egentlig-forskjellen-mellom-u-og-y/

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 28.03.2025