Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Lyd
Interaktivt innhald

Sj- og kj-lyden

Synest du det er vanskeleg å uttale og å høyre forskjellen på kj- og sj-lyden på norsk? I denne oppgåva skal du lytte til ord med desse to lydane og øve på å uttale dei. I tillegg skal du lære om alle dei ulike måtane å skrive dei to lydane på i norsk.

Kva er kj- og sj-lyden?

Sjå filmen (lengde 2:07) om skj- og kj-lyden før du startar på oppgåva.

Del 1: Korleis skal du seie sj og kj?

Korleis skal du seie sj?

La du merke til korleis sa sj-lyden i videoen øvst? Gjer dette:

  1. Bit tennene saman.

  2. Trekk tunga litt tilbake. Ho skal ikkje vere borti tennene.

  3. Press luft ut gjennom den smale opninga i munnen for å lage lyd: sj.

Prøv så å seie

  • sjef

  • sjokolade

Lytt til korleis du skal seie orda her:

Sj eller kj? Sjef, skjor og sjokolade

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Korleis skal du seie kj?

For å seie kj går du fram slik:

  1. Lag eit lite smil med munnen. Tennene skal ikkje vere inntil kvarandre.

  2. Tunga skal vere oppe i , men ikkje tennene.

  3. Pust ut luft og lag lyden: kj.

Prøv så å seie

  • kjole

  • kino

  • kjøtt

Kva er forskjellen på kj- og sj-lyden?

Den viktigaste forskjellen mellom sj og kj er at det skal vere ei opning mellom tennene når du seier kj. Når du seier sj, skal tennene vere inntil kvarandre. Dessutan lagar du kj-lyden lenger framme i munnen enn sj-lyden.

For kj-lyden er tunga òg flatare og nærare tennene, mens for sj-lyden er tunga lenger tilbake i munnen.

Lytt til korleis du skal seie orda her:

Sj eller kj? Kjole, kino og kjøtt

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 2: Korleis skriv du kj- og sj-lyden?

Kj-lyden:

Vanlege stavemåtar:

  • kj: kjole, kjære, kjøtt

  • k (før i eller y): kino, kyss, kilo

Sj-lyden:

Vanlege stavemåtar:

  • sj: sjokolade, sjef, sjeldan

  • skj: skjere, skjorte,

  • sk (før i eller y): ski, , skyte

Del 3: Øv deg på å seie ord med sj- og kj-lyd

Sit i par. Øv dykk på å seie orda under. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å lage tydeleg kj- og sj-lyd.

Øv på kj- og sj-lyd

Kj-lyd

Sj-lyd

kjære skjere
kinn
kyllingskyte
kino
kjeks
kjøkkensjø
kjøleskapsjampo

Lytt til korleis du skal seie orda:

Øv sjølv: Ord med kj og sj

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 4: Lytt og skriv ord med kj og sj

Trykk på , lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

G.

H.

I.

J.

Del 5: Øv i par

Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane kj og sj. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig eller éin og éin.

Det som er viktig, er å gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale lydane tydeleg.

Nokre stader er det ein bak orda, som skal hjelpe deg til å uttale ordet rett.

  1. Kjøkkenet er skjult (sj) bak den store skjermen (sj).

  2. Ho køyrde til kjøpesenteret i kjole.

  3. Kjærasten kjøpte ei skjorte (sj) som skin (sj) i sola.

  4. På skulen snakkar dei om (sj)og kjeks.

  5. Ho kjempa for å skjule (sj) kyllingen (kj) i skjørtet (sj).

Her kan de høyre på setningane:

Setningar med sj og kj

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 6: Historia om Kjell

Til læraren

Mange elevar kan bli frustrerte viss dei synest medelevane uttaler sj- og kj-lyden uklart fordi dei vil "vinne". Derfor vil dei kanskje heller at læraren skal seie teksten, men det er jo elevane som skal øve, ikkje læraren. Be derfor elevane vere tolmodige og hjelpe kvarandre med å lage lydane. Sei at det er lov å stoppe og spørje den som snakkar om å repetere lydane.

Du kan òg gi historia om Kjell som heimelekse. Be eleven lese teksten høgt heime og spele inn lyden. Eleven kan sende lydfila til deg og få tilbakemelding på uttalen.

A. Snakk – lytt – skriv

I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Éin skal lese historia om Kjell høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia.

Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med .

Historia om Kjell – til den som skal lese

Kjell kjøpte ei skjorte (sj) og gjekk til kjøkkenet for å ete kjeks. Der fann han skjel (sj) i ei skuffe og skjønte (sj) at sjokoladen han ville ha, var skjult. Han kjempa litt, men tok til slutt ein kniv for å skjere (sj) opp pakken. Kjærasten hans smilte og sa: "Skjønt (sj) val!"

B. Lytt til historia om Kjell

Lytt til historia om Kjell under. Legg merke til korleis du skal seie orda med kj og sj. Du kan ha teksten framfor deg, viss du vil det. Teksten finn du i boksen i oppgåve 6A.

Kj eller sj? Historia om Kjell

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

C. Les teksten høgt

Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 6A. Byt på å lese teksten om Kjell høgt for kvarandre.

Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med sj og kj rett. Hjelp kvarandre med å gi råd om korleis de skal bruke tenner og tunge. De kan gi råd som dette:

  • Den lyden var litt utydeleg. Hugs at når du skal seie kj, så ...

  • Kan du prøve den lyden ein gong til? Kanskje du skal ...

Del 7: Historia om Kjersti

A. Snakk – lytt – skriv

Hald fram med å sitje i gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om Kjell.

Den som skal lese, les historia om Kjersti (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.

Historia om Kjersti

Kjersti (kj) bort frå skjermen for å sjå på sjøen. Ho kjøpte sjeldne bilete av fiskar og kjende igjen ein by ho hadde besøkt før. "Skjønne (sj) minne", sa ho og smilte. Seinare sjekka ho kalenderen og planla ein ny tur til den same skjulte stranda.

Her kan de lytte til historia om Kjersti:

Kj eller sj? Historia om Kjersti

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 8: Lag ordliste

Lag ei ordliste over alle dei nye orda du har lært deg etter at du har gjort desse oppgåvene. Del orda inn, slik at orda du skal seie med sj-lyd, står éin stad, og dei med kj-lyd står eit anna, til dømes i ein tabell.

For at du skal hugse orda du skriv betre, kan du òg

  • lage setningar med orda på norsk og setje om til førstespråket ditt

  • lime inn bilete av orda i ordlista

Del 9: Hugsar de ordet?

Jobb i par:

  1. Sjå på biletet og sei ordet som manglar i setninga. Nokre av orda kan de få hint til ved å trykke på i.

  2. Trykk på og lytt til ordet. Gjenta uttalen.

  3. Bli einige om korleis de skal stave ordet.

  4. Snu kortet og sjekk om de har stava ordet rett.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 24.04.2025