Å eller Ø?
Del 1: Korleis skal du seie Å og Ø?
Sjå filmen (lengde 01:35)
Korleis skal du seie Å?
Mange språk har vokalen Å, så det er gode sjansar for at du har denne lyden i førstespråket ditt. For å lære korleis du seier Å, kan du starte med å lage ein A:
Munnen din er open, og du har tunga nedst i munnen. Ho rører ikkje ved tennene. Sei: A, som i har og far.
Mens du held munnen i A-posisjon, lukkar du munnen litt og lagar ein runding med leppene. Tunga skal framleis vere nede i munnen og ikkje røre ved tennene. Så lagar du lyden: Å. Legg merke til at Å er ein bakre vokal. Det betyr at du lagar lyden langt nede i halsen.
Du finn denne lyden i ord som
hår
vår
tåre
år
Korleis skal du seie Ø?
Ø er ein fremre vokal. Det betyr at tunga skal vere inntil tennene når du seier lyden. For å lettare forstå korleis du lagar ein Ø, kan vi starte med lyden E, som dei fleste har i førstespråket sitt.
Leppa er forma som om du skal le, mens tunga er inntil tennene nede. Tungeryggen er opp mot ganen: E.
Så lagar du runde lepper og tek tunga litt ned i munnen slik at ho blir flat. Tunga skal ikkje vere inntil tennene. Då er du klar til å lage ein Ø.
Du finn Ø i ord som
høgre
sør
før
Kva er forskjellen på Å og Ø?
Mange blandar Å og Ø fordi leppene på lydane er like: Dei er runde. Dessutan er lyden Ø uvanleg i språka i verda. Derfor kan han vere vanskeleg å lage om du ikkje er van med denne lyden frå førstespråket ditt.
Den viktigaste forskjellen mellom dei to lydane er altså kvar du skal ha tunga i munnen. Når du lagar Å, skal tunga vere langt bak sidan Å er ein bakre vokal.
Når du lagar Ø, skal tunga vere inntil tennene.
Øv på Å og Ø
Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller ein og ein. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom Å og Ø.
år – ør
brå – brød
åre – øre (bokmål)
får – før
ål – øl
låve – løve
Her kan de høyre korleis de skal seie orda:
Minimale par Å og Ø
Del 2: Lytt og skriv
Trykk på den blå knappen der du kan få lyd, lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive. Du skal bruke små bokstavar heile tida når du skriv inn svaret ditt.
A.
B.
C.
D.
E.
F.
G.
H.
I.
J.
Del 3: Øv i par
Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane Ø og Å. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller ein og ein. Det som er viktig, er at de gir kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale Ø og Å tydeleg.
I går såg eg ein ål som drakk øl så han blei heilt ør.
Har du høyrt om løva som budde på låven?
Eg har eit øyre som ikkje kan høyre sidan det har blitt slått av ei åre.
Før du får eit sår, må du slå deg og blø.
No skal eg føne håret.
Eg skal føne håret på låret, så ikkje øyret blir varmt.
Her kan du høyre setningane:
Setningar med Ø og Å
Del 4: Historia om løva på låven
A. Snakk – lytt – skriv
I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Ein skal lese historia om Lise høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med stavinga.
B. Lytt til historia om løva på låven
Lytt til historia om løva på låven under. Legg merke til korleis du skal seie orda med Ø og Å. Viss du vil, kan du ha teksten framfor deg. Du finn teksten i boksen i oppgåve A.
Løva på låven
C. Les teksten høgt
Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 4A. Byt på å lese teksten om Lise høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med I og Y rett. Hjelp kvarandre med å gi råd om korleis de skal forme lepper og halde tunga på rett stad.
Del 5: Historia om Åse og Øyvind
Snakk – lytt – skriv
Hald fram med å sitje i dei same gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om løva på låven. Den som skal lese, les historia om hunden Åse og Øyvind (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.
Her kan de lytte til historia om Åse og Øyvind:
Åse og Øyvind
Del 6: Nye ord
Når du har jobba med denne oppgåva, møtte du nokre nye ord.
Lag ei ordbok der du set om dei nye orda du har lært til førstespråket ditt.
Øv deg på å uttale orda på norsk.
Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.
Del 7: Konkurranse
Sit i par eller grupper. Kven klarer å komme på flest norske ord med Å og Ø i seg på tre minutt? Skriv ned orda og samanlikn.
Øv deretter på å seie orda høgt.