Lytt og forstå – eit foredrag om språk
Det første språket
Foredraget Det første språket (lengde 12:08) med Helene Uri.
Del 1: Førebu deg på å lytte
Foredraget du skal lytte til, handlar om språk. Det er Helene Uri, ein språkforskar, som held foredraget. Ho snakkar tydeleg og roleg. I tillegg bruker ho stort sett eit enkelt språk. Likevel er det nokre ord som kan vere litt vanskelege. Les gjennom desse før du høyrer på foredraget:
I denne ordlista finn du forklaring på nokre av orda frå foredraget. Bak forklaringa blir orda viste slik dei er brukte i ei setning i foredraget.
- Fortru
- Å fortru seg til nokon betyr å fortelje noko som er hemmeleg til ein annan person. I foredraget: [...] ein venn som fortrur deg ei hemmelegheit.
- Førestille seg
- Å førestille seg betyr å sjå noko for seg. I foredraget: Det er veldig, veldig vanskeleg å førestille seg livet utan språk.
- Gjette
- Å gjette betyr å seie kva du trur er rett, utan å vere sikker. I foredraget: Det går an å gjette, og den som gjettar, kan ha like rett som ein språkforskar.
- Praktisk
- Praktisk betyr noko som er nyttig eller lett å bruke. Sjå døme under.
- Upraktisk
- Upraktisk er det motsette av praktisk. Det betyr at noko er lite nyttig og vanskeleg å bruke. I foredraget: [...] for sjølv om det kan vere praktisk å bruke hendene til å snakke med når ein skal vere stille, til dømes under jakt, så er det upraktisk viss ein skal bruke verktøy.
- Klamre
- Å klamre betyr å halde fast i noko veldig hardt. I foredraget: Menneskebabyar legg ein frå seg, dei klamrar seg ikkje til mammaen sin.
- Signalisere
- Å signalisere betyr å gi teikn eller vise noko med bevegelsar eller ord. I foredraget: [...] dei første orda var ord for å signalisere mellom mor og barn.
- Fyr
- Her: ein gut/mann. I foredraget: [...] ein fyr frå Trondheim.
- Befinne seg (bokmål)
- Å befinne seg betyr å vere. I foredraget: [...] dei er innanfor dei same landegrensene.
- Riksgrense
- Ei riksgrense er ei grense mellom to land. I foredraget: Og grunnen til at vi reknar norsk og svensk som to ulike språk og ikkje dialektar, er at vi har ei riksgrense mellom oss.
- Hær og marine
- Ein hær og ein marine er delar av militæret til eit land. I foredraget: [...]: eit språk er ein dialekt med hær og marine.
- Atterhald
- Atterhald betyr å vere usikker eller å seie at noko kanskje ikkje stemmer heilt. I foredraget: Med alle moglege atterhald [...].
- Gjenlevande
- Ein gjenlevande betyr ein person som framleis lever etter at andre har døydd. I foredraget: Den einaste gjenlevande talaren av mandan heiter Edwin.
- Høgsterett
- Høgsterett er den høgaste domstolen i eit land. I foredraget: Dette er ein yrkestittel for den dommaren som leier Høgsterett.
- Pupill
- Pupill er det svarte i midten av auget. I foredaget: Det er veldig mykje å seie om språk som eg ikkje har sagt. Kvar ord kjem frå, kvifor pupill heiter "pupill".
Kontekst – norsk historie: Kva betyr det?
Mot slutten av foredraget seier Helene Uri dette:
Og så kjem det ustoppeleg nye ord inn i språket absolutt heile tida. Vi fekk "rosetog", til dømes, etter 22. juli, vi fekk "oskefast" etter vulkanutbrotet på Island, vi fekk "Kjos-fast" då Norwegian hadde litt problem her tidlegare i år.
Rosetog og 22. juli
22. juli 2011 var det eit terrorangrep i Noreg. Mange menneske blei drepne av ei bombe i Oslo, og ungdommar blei skotne på ei øy kalla Utøya. Etterpå gjekk folk i tog med roser for å vise sorg og støtte til dei drepne og familiane deira.
Oske-fast
Å vere oske-fast er eit uttrykk som viser til ei hending i 2010. Då slapp ein vulkan på Island ut mykje oske, noko som gjorde at mange fly ikkje kunne gå. Derfor kunne mange ikkje reise heim frå der dei var på ferie eller anna, og "sat fast" i Spania, Thailand og andre land på grunn av oska.
Kjos-fast
"Kjos-fast" betyr å sitje fast, ikkje komme seg nokon stad på grunn av forseinkingar hos flyselskapet Norwegian. Namnet kjem frå Bjørn Kjos, som var sjef for selskapet.
Del 2: Lytt og noter

No skal du lytte til foredraget. Anten kan læraren vise det på storskjerm for alle elevane, eller så kan kvar elev sjå det på eigen skjerm og høyre med øyretelefonar. De skal ikkje bruke tekst, berre lytte og sjå.
Mens du høyrer på foredraget, er det lurt å skrive stikkord. Det er viktig at du berre skriv stikkord, ikkje heile setningar.
Last gjerne ned Word-fila under. Det er eit støtteark som skal hjelpe deg med å notere.
Del 3: Skriv!
Like etter at du har høyrt eit foredrag om eit fagleg tema, er det lurt å skrive ned det du har lært. Det er når du nettopp har høyrt på foredraget, at du hugsar best. Bruk derfor stikkorda dine og skriv ned alt du hugsar frå foredraget. Du vel sjølv om du vil skrive på norsk eller førstespråket ditt.
Del 4: Del og diskuter
Gå saman i grupper. Fortel kvarandre alt de hugsar frå foredraget.
Diskuter spørsmåla under:
1. Språk, språk, språk
Helene Uri seier:
Livet ditt er fylt av språk. Det er språk, språk, språk rundt deg på alle kantar, frå du står opp om morgonen, til du legg deg om kvelden.
Beskriv for kvarandre korleis ulike språk fyller dagen dykkar.
2. Dei første orda
Helene Uri seier at vi ikkje veit sikkert korleis dei første orda kom, men ho fortel om ulike tankar frå språkforskarar. Les dei ulike teoriane under og diskuter kva de trur er rett:
Dei første orda var koseord mellom mor og barn.
Dei første orda kom fordi maten smakte så godt.
Dei første orda var lydar menneske brukte for å etterlikne dyr.
Dei første orda var veldig korte ord menneska brukte då dei skulle på jakt.
Dei første orda var teikn med handa, og så laga menneska lyden til til dømes eit dyr samtidig.
3. Dei store og små språka
Helene Uri snakkar om store og små språk. Snakkar de eit av språka ho fortel om i sitatet under? Viss ikkje – diskuter om de trur førstespråket dykkar er stort eller lite. Søk òg på internett for å finne svaret.
Kva er det største språket? Kva for eit av desse 7000 språka har flest morsmålstalarar? Dette kan vi søke på, og det har eg gjort. Då får vi ganske mange ulike svar, men dei aller fleste kjeldene er einige om at kinesisk, altså mandarinkinesisk, kjem høgt opp på den lista. På dei neste plassane kjem til dømes spansk, engelsk, hindi, arabisk, bengali, portugisisk og russisk. Tysk, fransk, italiensk og persisk er òg døme på store språk, men dei er ikkje inne på den ti på topp-lista.
Del 5: Skriv om språk
Skriv ein tekst på 100–300 ord om kva du har lært om språk etter å ha høyrt foredraget til Helene Uri. Her kan du lese teksten til foredraget "Det første språket".
Bruk setningskoplarar. Setningskoplarar er ord som bind setningar saman, så det blir lettare å forstå teksten. Under er nokre setningsstartarar du kan bruke i teksten din. I desse finn du setningskoplarane dessutan, noko anna, i tillegg, òg, dette og til slutt.
Det eg har lært av foredraget, er at ...
Dessutan lærte eg at ...
Noko anna eg fekk vite, var at ...
Eg synest det var interessant at ...
Ein viktig ting eg forstod, er at ...
I tillegg fekk eg vite at ...
Ein ting som overraska meg, var at ...
Helene Uri forklarte òg at ...
Dette fekk meg til å tenke på ...
Til slutt lærte eg at ...

Relatert innhald
Sjå, lytt til og les dette miniforedraget der professor Helene Uri snakkar om språk.