I eller E?
Sjå ein film om I og E
Sjå filmen om korleis du skal uttale vokalane I og E (lengde 1:44).
Del 1: Kvifor blandar vi I og E?
Når du lærer norsk, kan det vere vanskeleg å skilje mellom vokalane I og E. Desse lydane kan vere forvirrande fordi dei høyrest litt like ut. Du lagar nemleg begge med tunga framme i munnen, og du trekker leppene tilbake.
Kva er forskjellen på I og E?
Den viktigaste forskjellen mellom I og E er måten du formar leppene på. Når du lagar I, skal du ha smilemunn. Når du lagar E, skal du ha munnen slik du har han når du ler. No forklarer vi det for deg steg for steg:
Lag I
Tungespissen skal vere inntil tennene framme.
Trekk leppene tilbake, som om du smiler.
Lag lyden: I.
Du finn I i ord som
is
ris
liv
Lag E
Lag ein I med smilemunn og tungespissen inntil tennene.
Opne munnen litt meir, som om du skal le.
Lag lyden: E.
Du finn E i ord som
es
les
lev
Del 2: Øv på I og E
Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller éin
og éin. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom I og E:
liv – lev
sil – sel
is – es
Lise – lese
fiber – feber
vil – vel
Høyr korleis de skal uttale orda:
Høyr orda: I og E
Del 3: Lytt og skriv
Trykk på lydikonet, lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive. Du skal bruke små bokstavar heile tida når du skriv inn svaret ditt.
A.
B.
C.
D.
E.
F.
G.
H.
I.
J.
Del 4: Øv i par
Sit i par. No skal de øve dykk på å seie lydane I og E. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller éin og éin. Det som er viktig, er at de gir kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale I og E tydeleg.
Lise har ein mobiltelefon.
Lise kan lese viss ho vil.
Tiril har feber fordi ho har ete for mykje fiber.
Slektningane mine har fri fleire dagar i veka.
Vi har tre kjempestore bilar som ventar utanfor når det er vinter.
Eg fekk ei flis i fingeren fordi eg ventar på vinter.
Her kan de høyre på setningane:
I eller E: Øv i par
Del 5: Historia om Elin og og Emil
A. Snakk – lytt – skriv
I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Éin skal lese historia om Emil og Elin høgt. Den andre/Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med stavinga.
B. Lytt til historia om Emil og Elin
Lytt til historia om Emil og Elin under. Legg merke til korleis du skal seie orda med lang og kort vokal. Du kan ha teksten framfor deg viss du vil det. Du finn han i boksen i oppgåve 5A.
I eller E: Historia om Emil og Elin
C. Les teksten høgt
Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 4A. Byt på å lese teksten om Emil og Elin høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med lang og kort vokal rett.
Del 6: Historia om Silje og Erik
A. Snakk – lytt – skriv
Hald fram med å sitje i gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om Emil og Elin først. Den som skal lese, les historia om Silje og Erik (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.
Her kan de lytte til historia om Silje og Erik:
I eller E: Silje og Erik
Del 7: Nye ord
Mens du har jobba med denne oppgåva, har du møtt nokre nye ord.
Lag ei ordbok der du set om dei nye orda til førstespråket ditt.
Øv deg på å uttale orda på norsk.
Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.
Del 8: Konkurranse
Sit i par eller grupper. Målet er å finne flest mogleg norske ord som inneheld både I og E, som til dømes ordet pinne.
Gå fram slik:
Ein frå kvar gruppe går opp og skriv eit ord på tavla. Hald på til eitt av laga ikkje kjem på fleire ord. Det laget som skreiv ord sist på tavla, har vunne.