Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Frå lyd til tekst – nivå 2

Lytt til setningar og øv deg på å binde dei saman med og, eller, men og .

Til læraren

Målet med oppgåva er at elevane skal binde saman setningar med konjunksjonar. Dei skal òg øve seg på å kjenne igjen heilsetningar. I tillegg skal dei lære seg å bruke komma mellom to heilsetningar.

Nokre av oppgåvene er lytteoppgåver. Då øver elevane både på lytting, staving og teiknsetjing.

Sjå an nivået til elevane. Nokre elevar kan ha nytte av å gjere oppgåva "Frå lyd til tekst – nivå 1" først. Ho handlar om å bruke punktum og stor bokstav rett.

Del 1: Diskuter i par

Sit saman to og to. Sjå på dei fire setningane under. Les dei høgt og svar på oppgåvene.

  1. Kvar setning har to i seg. Finn dei to heilsetningane.

  2. Marker og i kvar heilsetning.

  3. Kvar setning har eit bindeord, altså eit ord som bind saman dei to heilsetningane. Finn bindeordet i kvar setning. Bindeorda heiter .

  4. Kvar setning har eit komma. Snakk saman og prøv å finne ut når vi bruker komma med konjunksjonar.

  1. Eg et, og han vaskar.

  2. Han ringer, men eg tek ikkje telefonen.

  3. Skal vi sykle, eller skal vi gå?

  4. Det regna, så vi blei veldig våte.

Fasit

  1. Eg et, og han vaskar.

    • Heilsetning 1: Eg et (I setninga er "Eg" subjekt og "et" verbal.)

    • Heilsetning 2: Han vaskar (I setninga er "Han" subjekt og "vaskar" verbal.)

    • Konjunksjon: og

  2. Han ringer, men eg tek ikkje telefonen.

    • Heilsetning 1: Han ringer (I setninga er "Han" subjekt og "ringer" verbal.)

    • Heilsetning 2: Eg tek (I setninga er "Eg" subjekt og "tek" verbal.)

    • Konjunksjon: men

  3. Skal vi sykle, eller skal vi gå?

    • Heilsetning 1: Skal vi sykle (I setninga er "vi" subjekt og "Skal sykle" verbal.)

    • Heilsetning 2: Skal vi gå (I setninga er "vi" subjekt og "Skal gå" verbal.)

    • Konjunksjon: eller

  4. Det regna, så vi blei veldig våte.

    • Heilsetning 1: Det regna (I setninga er "Det" subjekt og "regna" verbal.)

    • Heilsetning 2: Vi blei (I setninga er "Vi" subjekt og "blei" verbal.)

    • Konjunksjon:

Kommaregel

Du skal alltid bruke komma når du bind saman to heilsetningar med ein konjunksjon. Kommaet skal stå framfor konjunksjonen.

Del 2: Bind saman heilsetningar

No skal du øve på å binde saman heilsetningar med konjunksjonane og, så, men og eller. Lytt til setningane og skriv dei rett med stor bokstav, punktum og komma før konjunksjonen.

Tips:

  • Hugs at begge setningane må ha subjekt og verbal.

  • Hugs stor bokstav først i setninga.

  • Hugs punktum heilt til slutt.

  • Bruk komma før konjunksjonen.

Nivå 1: Lytt, les og skriv

Skriv ned det du høyrer. Du kan òg lese orda i setningane over boksen du skal skrive inn i.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

Del 3: Kva betyr eigentleg konjunksjonane?

No har du brukt konjunksjonane og, eller, men og i setningar. Men er du heilt sikker på kva orda betyr?

  1. Set om setningane under til førstespråket ditt:

    • Ho går, og eg tek bilen.

    • Ho går, men eg tek bilen.

    • Ho går, eg tek bilen.

    • Vil du gå, eller vil du ta bilen?

  2. Bruker førstespråket ditt konjunksjonar for å binde saman setningar? Finn ut av dette ved å markere korleis du set om konjunksjonane og, men, og eller.

  3. Gå saman med ein medelev og diskuter korleis de skal bruke konjunksjonane og, eller, men og på norsk.

  4. Lag fire setningar på norsk saman. I setningane skal de binde saman to heilsetningar med dei fire ulike konjunksjonane. Hugs at begge heilsetningane skal ha subjekt og verbal, og at de må ha komma framfor konjunksjonen.

Kva betyr konjunksjonane? Fasit

Og

legg til noko, noko som skjer samtidig.

  • Ho går, og eg tek bilen.

Begge delar skjer: Ho går samtidig som eg tek bilen.

Men

viser ei motsetning.

  • Ho går, men eg tek bilen.

Det er ein forskjell mellom kva "ho" og "eg" gjer.

viser ei følge/konsekvens.

  • Ho går, eg tek bilen.

Fordi ho går, tek eg bilen.

Eller

viser eit val.

  • Vil du gå, eller vil du ta bilen?

Du må velje éin ting.


Del 4: Fyll inn rett konjunksjon

Bind heilsetningane saman med anten konjunksjonen og, eller, men eller .

Del 5: Skriv det du høyrer

I denne oppgåva skal du skrive to setningar inn i boksen. Målet er å få til rett teiknsetjing. Hugs

  • komma viss du bind saman to heilsetningar med ein konjunksjon

  • punktum viss du startar på ei ny heilsetning utan konjunksjon

Døme

Det står:

  • i dag skal eg besøke mamma men i går var eg heime i morgon skal eg jobbe

Du skriv:

  • I dag skal eg besøke mamma, men i går var eg heime. I morgon skal eg jobbe.

Du kan lytte til setningane ved å trykke på .

A.

B.

C.

D.

E.

Del 6: Lag setningar

Under ser du eit heilt avsnitt utan komma, punktum og store bokstavar.

Gjer dette:

  • Skriv kvar setning i boksane under. Hugs punktum.

  • Hugs komma viss setninga har ein konjunksjon.

  • Du kan få tips viss du trykker på i-knappen.

Over oppgåva er det ei lydfil. Trykk på denne viss du vil lytte til avsnittet.

Avsnittet har seks setningar du skal avslutte med punktum.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 02.06.2025