Podkaster
Lytt og lær!
Encuentros culturales
Serien Encuentros culturales handlar om kulturmøte og samfunnsforhold. Ramiro Calderone frå Argentina og Andrea Escamilla Naval frå Spania har starta eit nytt liv i Noreg. Her diskuterer dei kulturelle forskjellar og deler erfaringane sine frå møtet med ein ny kultur. Podkastane er laga for elevar som lærer spansk i vidaregåande opplæring, men passar òg for andre som er opptekne av den spansktalande verda.
Handverk og design
Vil du vite meir om yrkesutøving innan design og handverksfag? I denne serien snakkar Berit Boman med ulike fagfolk. Ho møter ein blomsterdekoratør, ein interiørdesignar og ein frisør og stylist i tillegg til ein keramikar, ein tekstilkunstnar, ein produktdesignar, ein gullsmed, ein møbelsnikkar og ein smed. Dei tek opp tema som kunderettleiing og berekraft og nyskaping i tradisjonshandverk. Podkastane er aktuelle for elevar i vidaregåande opplæring som har valt yrkesretninga handverk, design og produktutvikling eller frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, men dei passar for alle som er interesserte i desse fagområda.
Heilt personleg
Denne serien består av ei rekke personlege samtalar om tema frå faga sosiologi, religion og etikk. Programleiarar som Berit Boman, Marthe Sveberg og Kaja Eide snakkar med utvalde gjester og styrer samtalane. Gjestene snakkar om emne som klassereise, kjønnsidentitet, åndelegheit, konvertering, utanforskap, kriser og eksistensielle spørsmål. Podkastane er særleg berekna på elevar i vidaregåande opplæring, men dei passar i grunnen for alle som er opptekne av personlege spørsmål som betyr mykje for mange menneske.
KDA-podden
Er du nysgjerrig på kunst? I denne podkastserien har Oda Weider-Krog med seg gjester som jobbar med kunst på ulike måtar. Dei diskuterer opphavsrett, KI og skapande prosessar og korleis vi møter kunst, både samtidskunst og kunst frå tidlegare tider.
Klar, ferdig, geo!
Geografi handlar om å finne svaret på dette spørsmålet: Kvifor er det slik akkurat her? I denne serien besøker vi forskjellige stader og mennesker. Etter besøket forklarer ein fagperson oss kvifor det er slik akkurat der. Serien inneheld ein episode for kvart emne i geografifaget på NDLA. Programleiar er Fredrik Sjaastad Næss.