Frå lyd til tekst – nivå 2

Del 1: Diskuter i par
Sit saman to og to. Sjå på dei fire setningane under. Les dei høgt og svar på oppgåvene.
Kvar setning har to heilsetningar i seg. Finn dei to heilsetningane.
Marker subjekt og verbal i kvar heilsetning.
Kvar setning har eit bindeord, altså eit ord som bind saman dei to heilsetningane. Finn bindeordet i kvar setning. Bindeorda heiter konjunksjonar.
Kvar setning har eit komma. Snakk saman og prøv å finne ut når vi bruker komma med konjunksjonar.
Eg et, og han vaskar.
Han ringer, men eg tek ikkje telefonen.
Skal vi sykle, eller skal vi gå?
Det regna, så vi blei veldig våte.
Del 2: Bind saman heilsetningar
No skal du øve på å binde saman heilsetningar med konjunksjonane og, så, men og eller. Lytt til setningane og skriv dei rett med stor bokstav, punktum og komma før konjunksjonen.
Tips:
Hugs at begge setningane må ha subjekt og verbal.
Hugs stor bokstav først i setninga.
Hugs punktum heilt til slutt.
Bruk komma før konjunksjonen.
Nivå 1: Lytt, les og skriv
Skriv ned det du høyrer. Du kan òg lese orda i setningane over boksen du skal skrive inn i.
A.
B.
C.
D.
E.
F.
Del 3: Kva betyr eigentleg konjunksjonane?
No har du brukt konjunksjonane og, eller, men og så i setningar. Men er du heilt sikker på kva orda betyr?
Set om setningane under til førstespråket ditt:
Ho går, og eg tek bilen.
Ho går, men eg tek bilen.
Ho går, så eg tek bilen.
Vil du gå, eller vil du ta bilen?
Bruker førstespråket ditt konjunksjonar for å binde saman setningar? Finn ut av dette ved å markere korleis du set om konjunksjonane og, men, så og eller.
Gå saman med ein medelev og diskuter korleis de skal bruke konjunksjonane og, eller, men og så på norsk.
Lag fire setningar på norsk saman. I setningane skal de binde saman to heilsetningar med dei fire ulike konjunksjonane. Hugs at begge heilsetningane skal ha subjekt og verbal, og at de må ha komma framfor konjunksjonen.
Del 4: Fyll inn rett konjunksjon
Bind heilsetningane saman med anten konjunksjonen og, eller, men eller så.
Del 5: Skriv det du høyrer
I denne oppgåva skal du skrive to setningar inn i boksen. Målet er å få til rett teiknsetjing. Hugs
komma viss du bind saman to heilsetningar med ein konjunksjon
punktum viss du startar på ei ny heilsetning utan konjunksjon
Døme
Det står:
i dag skal eg besøke mamma men i går var eg heime i morgon skal eg jobbe
Du skriv:
I dag skal eg besøke mamma, men i går var eg heime. I morgon skal eg jobbe.
Du kan lytte til setningane ved å trykke på lydikonet.
A.
B.
C.
D.
E.
Del 6: Lag setningar
Under ser du eit heilt avsnitt utan komma, punktum og store bokstavar.
Gjer dette:
Skriv kvar setning i boksane under. Hugs punktum.
Hugs komma viss setninga har ein konjunksjon.
Du kan få tips viss du trykker på i-knappen.
Over oppgåva er det ei lydfil. Trykk på denne viss du vil lytte til avsnittet.
Avsnittet har seks setningar du skal avslutte med punktum.
Relatert innhald
Bli betre til å lage gode setningar ved å lytte. For deg som held på å lære norsk.
Lær deg å binde saman setningar med nokre av dei vanlegaste norske subjunksjonane ved å lytte, lese og skrive.