Kva betyr det å lage flyt og ha variasjon i språket?
Sjå ein film om godt språk
Sjå filmen om flyt og variasjon i språket (lengde 4:32)
Del 1: Diskuter i grupper
Etter at de har sett filmen Varier språket over, kan de setje dykk saman i grupper og jobbe med desse oppgåvene:
Forstod de kva flyt i språket er? Forklar kvarandre.
Skriv ned dei tre råda for å skape flyt og variasjon i språket.
Kva er setningskoplarar?
Oppsummer saman med dei andre gruppene.
Del 2: Diskuter tekst i grupper
Les dei to avsnitta under. Dei har likt innhald, men bruker ulike ord for å seie det same. Bruk dei tre råda frå filmen for å forklare kvifor døme 2 har betre språk enn døme 1.
Døme 1: Tekst med dårleg flyt og variasjon
Eg liker å lese. Eg les mange bøker. Bøker er spennande. Eg liker å sjå filmar. Filmar om historie er spennande. Eg liker ikkje fotball. Fotball er kjedeleg.
Døme 2: Tekst med god flyt og variasjon
Eg liker å lese, og eg les mange bøker fordi dei er spennande. Eg er òg glad i å sjå filmar, spesielt filmar om historie. Dei synest eg er spennande. Men eg liker ikkje fotball, for det synest eg er kjedeleg.
Del 3: Prøv å fikse opp i eit avsnitt
Les avsnittet under. Prøv å fikse opp i det ved å
variere lengda på setningane
variere måten du startar setningane på
bruke setningskoplarar
I går kjøpte eg ei ny jakke. Jakka var veldig dyr. Eg tok på jakka. Eg gjekk heim. Eg viste mamma jakka. Ho syntest ho var stygg. Eg blei sur. Eg gjekk og la meg.
Sit i grupper og les tekstane dykkar høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å lage eit godt avsnitt.
Prøv å lage eit avsnitt saman ved å bruke dei beste setningane frå alle sine tekstar.
Les avsnitta kvar gruppe har laga høgt i klassen, eller vis dei på skjerm.
Gå vidare for å lære om tekstbinding i tekstar som handlar om tid.