Bruk setningskoplarar til å lage gode avsnitt
Film om korleis lage avsnitt
Her er ein film (lengd 4:27) som lærer deg korleis du kan lage gode avsnitt
Del 1: Diskuter i par
Etter at de har sett filmen Hvordan lage gode avsnitt? over, kan de setje dykk saman i grupper og jobbe med desse oppgåvene:
Forklar kvifor det er viktig å ha god struktur i eit avsnitt.
Kva funksjon hadde frasane "for det første", "for det andre" og "dessutan" i avsnittet du såg på videoen? (Tips: flyt)
Forklar kva det betyr å lage "flyt" i språket.
Del 2: Lær fleire setningskoplarar
Les avsnittet under. Det handlar om at det er sunt for hjernen å lære eit nytt språk.
Kvifor er temasetninga i avsnittet god?
Kva for tre ulike argument finn du i avsnittet? Marker dei tre ulike delane.
Kva for setningskoplarar er brukte for å binde saman dei ulike delane av avsnittet?
Å lære eit nytt språk er bra for hjernen. Ei årsak er at det styrker minnet fordi hjernen må lære nye ord. Når vi bruker det nye språket, må vi hugse orda mens vi lyttar og hente dei fram når vi snakkar. Vidare trenar vi hjernen ved å samanlikne det nye språket med dei språka vi allereie kan. Då ser vi at grammatikken kan vere veldig ulik. Det er òg bra for hjernen å byte mellom språk. Då må hjernen tenke på nye måtar, og det er godt for han.
Del 3: Lag struktur i eit avsnitt
Du har no lært at du kan bruke desse setningskoplarane til å lage struktur i avsnitt:
for det første
for det andre
dessutan
i tillegg
ei årsak er at / ei anna årsak er at
òg
Oppgåve
Les dette avsnittet. Det handlar om at det er lurt å ha eit kjæledyr.
Det er veldig bra å ha eit kjæledyr. Mange kjenner seg mindre åleine når dei har eit dyr i huset. Dei får selskap og kjenner seg trygge. Kjæledyr gjer oss gladare fordi vi leiker og koser med dei. Dei viser oss kjærleik. Ingen blir så glad som det ein hund blir, når vi kjem heim frå skulen. Vi lærer å ta ansvar når vi passar på eit dyr. Vi må mate det, gå tur med det og passe på at det har det bra. Kjæledyr hjelper oss med å vere meir aktive. Viss du har ein hund, må du gå tur med han.
I avsnittet manglar det setningskoplarar som bind saman desse tre argumenta:
Kjæledyr gjer deg mindre einsam.
Kjæledyr gjer deg gladare.
Kjæledyr gjer deg meir aktiv.
Lim avsnittet inn i eit skriveprogram. Skriv om slik at du bind saman dei ulike delane med dei setningskoplarane du har lært til no i denne ressursen.
Byt tekst med ein annan elev. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å lage god flyt og struktur i avsnittet.
Del 4: Skriv ditt eige avsnitt
Finn eit tema du har lyst til å skrive om. Det kan vere alt frå "Hvorfor er fotball så gøy?" til "Derfor er matte det viktigaste faget på skulen". Det beste er om det er eit tema du synest du kan litt om.
Skriv ned tre argument som støttar det du vil seie. Viss du til dømes skriv eit avsnitt om at fotball er gøy, må du forklare dette med tre ulike argument.
Lag eit avsnitt som er bygd opp slik:
Temasetning: Temasetninga gjer det klart kva avsnittet skal handle om.
Argument 1: Hugs å bruke ein setningskoplar som viser lesaren din at "no kjem det første argumentet".
Argument 2: Hugs setningskoplar for å vise lesaren din at det kjem eit nytt argument.
Argument 3: Hugs setningskoplar.
Les avsnittet høgt for ein medelev. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å
lage ei temasetning som gjer det klart kva avsnittet skal handle om
dele avsnittet inn i tre tydelege delar
bruke setningskoplarar mellom dei ulike delane på ein god måte
plassere verbet på andreplass i heilsetningane
Gå vidare for å gjere fleire oppgåver som handlar om flyt og variasjon i språket.