Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Jobb med tekstbinding om tid

Korleis kan du binde saman setningar når du skriv om hendingar i tid? I denne oppgåva skal du lese og skrive om korleis du skaper flyt mellom setningar som ordnar hendingar i rekkefølge.

Del 1: Les to tekstar og diskuter

Dei to tekstane finn du under oppgåva. Gjer denne oppgåva i par:

  1. Les tekst 1. Diskuter korleis de synest variasjonen og flyten i språket er.

  2. Les tekst 2. Diskuter variasjon og språkflyt i denne teksten.

  3. Marker alle i tekst 2.

  4. Marker alle ord som ordnar hendingar i tid i tekst 2.

  5. Marker så alle verba i . På kva plass står dei?

Diskuter med resten av elevane i klassen:

  1. Skriv opp alle setningskoplarane som ordnar hendingar i tid på tavla.

  2. Kan de nokon andre setningskoplarar som ordnar hendingar i tid? Skriv dei i så fall opp på tavla.

  3. Kvar skal de hugse å plassere i setningar når de startar med setningskoplarar som "såg", "etterpå" og så vidare?

Tekst 1

I sommar var eg først berre heime. Då drog vi på stranda og bada mykje. Seinare drog vi til Spania. Først var vi i Barcelona og gjekk i museum. Etterpå drog vi til Malaga for å bade. Så avslutta vi ferien med å besøke Madrid. Heilt til slutt tok vi flyet heim. Då eg var heime igjen, slappa eg eigentleg mest av.

Tekst 2

I sommar var eg heime. Vi drog på stranda og bada mykje. Vi drog til Spania. Vi var i Barcelona og gjekk i museum. Vi drog til Malaga for å bade. Vi avslutta ferien med å besøke Madrid. Vi tok flyet heim. Eg slappa av heime.

Del 2: Bli kjende med ulike setningskoplarar

  1. Les setningane under. Dei inneheld mange setningskoplarar som ordnar hendingar i tid. Marker setningskoplarane.

  2. Veit de kva alle setningskoplarane betyr? Diskuter med ein medelev eller bruk ordbok for å finne ut kva orda betyr.

    • Først gjekk vi til skulen, etterpå gjekk vi heim.

    • Eg kjøpte ei bukse, så tok eg ho på.

    • Han såg på tv. Seinare gjekk han og la seg i senga.

    • Vi møtte han for å spele dataspel. Deretter drog vi ut for å treffe nokre venner.

    • Vi spelte fotball. Til slutt var det laget vårt som vann.

Del 3: Finn rett setningskoplar

Kva for ein setningskoplar står i det tomme feltet? Fullfør ordet som allereie er starta på ved å skrive inn i den tomme boksen. Du skal bruke setningskoplarane frå del 1 og del 2.

Del 4: Kva gjorde du i går?

  1. Skriv fem–seks setningar om kva du gjorde i går. Bind alle setningane saman slik at det blir flyt. Bruk setningskoplarane du har lært i del 1–3. Hugs verbalet på andreplass!

  2. Gå saman i par. Les tekstane høgt for kvarandre og gi tilbakemelding på følgande:

    • Har de brukt setningskoplarar og laga flyt i språket?

    • Har de variert mellom lange og korte setningar?

    • Har de klart å starte setningane på ulike måtar?

Gå vidare for å gjere fleire oppgåver som handlar om flyt og variasjon i språket.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.05.2025