Hopp til innhald

Fagstoff

Stemmebruk på radio

Røysta er eit viktig instrument for alle som jobbar i radio. Gjennom å variere røysta kan du skape ei kjensle av intimitet, truverde, dramatikk eller partystemning.
Kvinne som snakkar i mikrofon i radiostudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å bruke røysta si på radio

0:00
-0:00

Til vanleg høyrer vi vår eiga røyst innanfrå i hovudet. Når vi høyrer oss sjølve snakke på eit lydopptak, synest derfor dei fleste at røysta høyrest rar ut. Er det verkeleg slik eg snakkar? Mange synest det er flautt å snakke på radio. Men hugs då: Slik røysta di høyrest ut på radio, slik er det venene dine har høyrt røysta di i alle år. Dei synest ikkje ho er rar!

Finn di eiga røyst

Røysta er eit instrument som vi kan bruke på ulike måtar. Frå barnehagen hugsar du sikkert skilnaden på «utestemme» og «innestemme». Før du går i studio, må du prøve å finne den eigentlege røysta di, og øve deg i å variere henne i høve til den bodskapen du vil formidle. Gå gjerne saman to og to, og bytt på å vere den som snakkar, og den som lyttar. Øv på både tydeleg uttale og eit behageleg stemmeleie.

Siri Knudsen har jobba i NRK P3 i mange år. Ho har desse råda til deg:

  • Varm opp røysta di før du går i studio. Drikk gjerne noko varmt og gjer uttaleøvingar.
  • Pust godt inn og ut før sending.
  • Snakk roleg og tydeleg.

Intimitet og truverde

Radio er eit intimt medium. Når vi høyrer ei røyst langt borte, er det ikkje noko som vedkjem oss. Dersom røysta er veldig nær, blir det intimt. Dette har mange programleiarar i radio teke i bruk. For å skape intimitet må du plassere mikrofonen nesten inntil munnen slik at røysta blir opplevd som veldig nær og fyldig med mykje bass. Det kallar vi nærleikseffekten (proximity effect).

Variasjon i diksjon, rytme og modulering kan gi liv til både vêr- og trafikkmeldingar. I frukostsendinga til P4 kan studioverten også tillate seg å bruke eit noko uhøgtideleg og flåsete språk:

P4s Radiofrokost

0:00
-0:00

Ein nyheitsopplesar, derimot, held røysta i eit nøytralt stemmeleie. Korrekt språk og uttale gir nyheitssendinga nødvendig truverde: NRK Dagsnytt

Her blir det liv!

Ein fotballreporter brukar røysta på eit heilt anna vis enn ein nyheitsopplesar. Skårar heimelaget, er det lov å gå i fistel! Ein dyktig reporter bruker språket og røysta til å skape engasjement og formidle stemninga på stadion.

Fotballreporter Bjørge Lillelien 1981

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Siri Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2018

Læringsressursar

Auditive medium