Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Kodekammer om høgfrekvente nynorskfeil

Du kan forbetre nynorsken din mykje om du øver deg på nokre typiske feil elevar med bokmål som hovudmål vanlegvis gjer. I denne oppgåva skal du først øve deg på såkalla høgfrekvente feil, for deretter å konkurrere med dei andre i klassen om å komme først gjennom kodekammeret.

Del 1: Øv deg før du går inn kodekammeret

I kodekammeret får du utfordringar om vanlege feil elevar som har nynorsk som sidemål gjer. Du skal utfordre ein medelev til å bli først ferdig med kodekammet. For å få til det, bør du øve deg litt før du går i gong. Vi tilrår derfor at de går gjennom desse tre korte læringsstiane før de speler mot kvarandre:

Vanlege nynorskfeil 1: Substantiv

Vanlege nynorskfeil 2: Verb

Vanlege nynorskfeil 3: Pronomen og bestemmarord

Del 2: Utfordre kvarandre til kodekammer-speling

Kven klarer å komme først til mål i kodekammeret om vanlege nynorskfeil? Gå saman to og to og utfordre to andre i klassen, eller utfordre ein annan og gå gjennom kodekammeret åleine.

Tips:

  • Du bør ha kodekammeret i fullskjerm for å få navigert riktig.

  • Leit rundt med musepeikaren. Om handa viser ein peikefinger, har du funne ei oppgåve som kan gi deg eit kodeord.

  • Målet er å komme ut døra til neste rom. For å få til det må du gjere oppgåvene i ei viss rekkefølge. Start ved pc-en og prøv kodeordet du får der på dei andre oppgåvene du finn.

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 09.06.2022

Læringsressurser

Nynorskkurs