Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Kva kan du frå før om substantiv?

Før du skal lære meir om substantiv, skal du friske opp nokon fagomgrep. Sjekk kva du hugsar om substantiv frå før!

Øving 1

Hugsar du kva for ord substantiv er? Sjekk ved å gjere øvinga under. Eitt av dei tre alternativa du skal velje mellom, er eit substantiv.

Øving 2

Klarer du å forklare med eigne ord kva eit substantiv er, og gi eksempel? Ta gjerne med desse omgrepa i forklaringa di: dyr, eigennamn, ein / ei / eit, fellesnamn, idé, kjensle, liten forbokstav, namn, naturfenomen, person, stor forbokstav, ting.

Forslag til forklaring
  • Substantiv har substans! Kva tyder det? Jo, i ordklassen substantiv finn vi gjerne ting vi kan ta på (eit bord) eller kjenne (ein bris).
  • Substantiv er namn på ting, naturfenomen, personar og dyr (bord, bris, Olav, hund).
  • Substantiv er også namn på kjensler (kjærleik) og idéar (fridom, fred).
  • Ei enda enklare forklaring er at substantiv er ord som vi kan sette artikkelen ein, ei eller eit framfor. Berre substantiv kan ta artikkel.
  • Vi skil mellom to ulike typar substantiv: eigennamn og fellesnamn.
  • Eigennamn er namn på bestemte personar, dyr, ting, stader osb. Vi skriv dei med stor forbokstav: Olav, Noreg, Munchmuseet, Galdhøpiggen osb.
  • Fellesnamn er namn på alle medlemmene i ei gruppe. Det kan vere grupper av menneske, av dyr, av ting osb. Vi skriv dei med liten forbokstav: gutar, land, museum, fjelltopp osb.

Nokon fagomgrep om substantiv som du kjem til å trenge

Når du skal snakke om substantiv, treng du også desse omgrepa: hankjønn, hokjønn, inkjekjønn, eintal, fleirtal, ubestemt form og bestemt form. Eit eksempel: Ordet bordet er eit inkjekjønnsord som står i bestemt form eintal.

Kjønn, tal og bestemtheit

Kjønn

Vi har tre kjønn i både bokmål og nynorsk. Hankjønnsorda set vi artikkelen ein framfor, hokjønnsorda får artikkelen ei og inkjekjønnsorda får eit.

Eintal og fleirtal

Substantiv har talbøying. Det vil seie at dei har ulike former som viser om det er snakk om ein eller fleire av noko: (ein) gut – (fleire) gutar.

Ubestemt og bestemt form

Ubestemt form bruker vi når vi nemner noko for første gong i ein samtale eller skriftleg tekst. Når mottakaren veit kven eller kva det er vi snakkar om, bruker vi derimot bestemt form.

Veldig enkelt sagt: Ny informasjon = ubestemt form, kjent informasjon = bestemt form.

  • Vi var på konsert i går. Konserten var heilt fantastisk.
  • Eg har kjøpt meg ein genser. Genseren er grå og har v-hals.


(Har du norsk som morsmål, bruker du bestemt og ubestemt form riktig heilt utan å måtte tenke over det. Men det er faktisk ikkje alle språka som skil mellom bestemt og ubestemt form!)

Øving 3

Bruk fagomgrep om substantiv.



CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 04.07.2019

Læringsressurser

Nynorskkurs