Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

To viktige st-verb

Dei såkalla st-verba er verb som endar på -st i alle tider. Det er ikkje så mange st-verb, men vi bruker dei særs ofte når vi skriv.

Oppgåve

Desse to vanlege st-verba bør du rett og slett lære deg utanåt:

Infinitiv

Presens (nå)

Preteritum (i går)

Perfektum

Å finnast

det finst

det fanst

det har funnest

Å synast

eg synest

eg syntest

eg har synst

Øv med ein klassekamerat og lær deg bøyinga av dei to verba utanåt. Så er du klar til å gjere den neste oppgåva.

Øving

Ver merksam på at st-verbet står i infinitiv etter modalt hjelpeverb (må, kan, vil, skal, bør osb.) – men ikkje elles!


CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 21.08.2019

Læringsressurser

Nynorskkurs