Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Fordjuping: substantiv på -eum, -ium og -um

Bøying av nokon inkjekjønnsord som er lånte inn frå latin og gresk.

Inkjekjønnsord på -eum og -ium

Nokon få inkjekjønnsord oppfører seg ikkje heilt regelrett. Dei endar på -ium eller -eum, og endinga fortel oss at dei er lånte inn frå gresk eller latin.

Mange av desse orda kjenner du sikkert, andre er kanskje nye for deg. Nesten alle ord på -eum eller -ium blir bøygde slik:

  • eit medium – mediet – fleire medium – alle media

Namn på kjemiske grunnstoff

Unntak er namn på kjemiske grunnstoff. Dei har heilt regelrett bøying, men har ikkje fleirtalsform:

  • (eit) helium – heliumet

Inkjekjønnsord på -um

Inkjekjønnsord på -um bøyer vi også heilt etter regelen:

  • eit sentrum – sentrumet – fleire sentrum – sentruma
  • eit faktum – faktumet – fleire faktum – alle faktuma

Er du usikker på korleis du skal bøye eit bestemt ord på -eum, -ium eller -um, slå det opp.

Øving 1

Mest for moro. Veit du kva orda betyr?

Øving 2

CC BY-SASkrevet av Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 04.07.2019

Læringsressurser

Nynorskkurs