Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Nynorskspelet

I nynorskspelet skal de konkurrere saman på lag om kven som kan mest nynorsk. Spel det i grupper eller i heilklasse.

Mål

  • Målet med spelet er å samle flest poeng.

  • De samlar poeng kvar gong de klarer å svare rett på eit spørsmål.

  • Spørsmåla som ligg i 1 poengs-kategorien er enkle, 2 poengs-kategorien litt vanskelegare og så vidare.

  • Det er tre spelebrett med ulik vanskegrad.

Korleis spele i heilklasse?

  • Lag små grupper. La ei av gruppene først velje kategori og vanskegrad.

  • Lærar viser spelet på storskjerm, trykker på knappen og spørsmålet kjem opp. Alle andre legg vekk mobiltelefonar og/eller lukkar pc-en.

  • De har ti sekund på dykk til å komme med svaret.

  • Dersom de svarer feil, får de 0 poeng.

  • Turen går til neste gruppe uansett om de svarer feil eller rett.

  • Ein i klassen må halde styr på kor mange poeng kvar gruppe har.

  • Den gruppa som samlar flest poeng, har vunne nynorskspelet.

Korleis spele i grupper?

  • Lag grupper og del inn i to–tre lag.

  • Følg dei same reglane som over.

  • Det laget som samlar flest poeng, har vunne spelet.

NB!

De kan trykke på pila nede til høgre for fleire rundar og kategoriar.

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 09.06.2022

Læringsressurser

Nynorskkurs