Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er menneskeverd?

Menneskerettane byggjer på at alle menneske har same menneskeverd. Det er også eit viktig grunnlag for etikken og menneskesynet i mange religionar og livssyn. Men kva betyr det at vi har eit menneskeverd? Kva er det eigentleg som gir menneske verdigheit?
Jødane blir sorterte etter at dei kjem til Auschwitz. Stor folkemasse med menn i uniform og menn, kvinner og barn. Togsett og hovudinngangen i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er menneskeverd?

Menneskeverd vil seie at mennesket har ei spesiell verdigheit i kraft av det å vere eit menneske. Det betyr at mennesket ikkje er verdifullt fordi det kan vere nyttig for andre, men fordi det har ein verdi i seg sjølv. Sidan mennesket har ei spesiell verdigheit, har alle menneske krav på å bli behandla med respekt.

Menneskeverdet er eit omgrep som har blitt tolka på fleire ulike måtar, men det er i dag stor einigheit om at menneskeverdet er universelt og egalitært.

  • Universelt: Menneskeverdet er universelt fordi det omfattar alle menneske. Det gjeld ikkje berre for ei bestemd gruppe, og ingen menneske kan derfor blir reduserte til slavar.

  • Egalitært: Menneskeverdet er egalitært fordi alle menneske har same verdigheita. Det er ingen menneske som har større eller mindre verdigheit enn andre.

Sidan menneskeverdet er universelt og egalitært, er ikkje mennesket sin verdi avhengig av individuelle prestasjonar, gruppetilhøyrsel, etnisitet, religion, funksjonsevne, kjønn eller seksuelle orienteringar.

En gut ligg på bakken og blir slått og sparka av to andre. Den eine av valdsutøverane held guten som ligg nede i jakka og er klar til å slå med knyttneven. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Menneskeverdet i dag

Menneskeverdet er ein viktig verdi i samfunnet vårt. Det er ein del av den norske grunnlova og ein sentral del av opplæringslova i skulen. Menneskeverdet er også eit viktig grunnlag for menneskerettane.

I 1948 blei menneskerettane vedtekne av FN som eit svar på Hitlers folkemord og lidingane under andre verdskrigen. FN baserte desse rettane på tanken om at alle menneske har ei grunnleggjande verdigheit som ikkje under nokon omstende kan takast frå dei.

I artikkel 1 i starten av Menneskerettserklæringa blir menneskeverdet beskrive på denne måten:

Artikkel 1: Alle mennesker er født frie og med samme menneskeverd og menneskerettigheter. De er utstyrt med fornuft og samvittighet og bør handle mot hverandre i brorskapets ånd. (Kjelde: FNs verdenserklæring om menneskerettigheter)

Sjølv om menneskeverdet er grunnlaget for menneskerettane, finn vi inga konkret grunngiving for menneskeverdet i menneskerettserklæringa. Men som vi ser i artikkel 1, blir menneskeverdet til ei viss grad knytt til nokre generelle eigenskapar ved mennesket som at vi er frie, fornuftige og har samvit.

Menneske av forskjellig alder, kjønn og funksjonsevne på rekkje framfor eit kart som viser kontinenta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike forståingar av menneskeverdet

Essensialistiske forståingar av menneskeverdet

Idéen om menneskeverd går langt tilbake i tid, og vi finn han igjen i ulike humanistiske, filosofiske og religiøse tradisjonar. Det har ofte vore vanleg å knyte menneskeverdet til nokre bestemde eigenskapar ved mennesket, som fornuft, fridom, eller at vi er skapte i Guds bilete. Det som gjer at vi har eit menneskeverd, er at vi har éin eller fleire av desse bestemde eigenskapane.

Dei som knyter menneskeverdet til éin eller fleire grunnleggjande eigenskapar, har ein essensialistisk forståing av menneskeverdet. Som menneske har vi nokre felles medfødde eigenskapar, ein essens eller kjerne, som gir oss ei spesiell og opphøgd verdigheit.

Ei essensialistisk forståing av menneskeverdet som har hatt stor innverknad, er den tyske filosofen Immanuel Kants pliktetikk. Kant knyter menneskeverdet til fornufta. Ifølgje Kant er det mennesket si evne til å bruke fornufta og handle fritt og moralsk som gir oss menneskeverdet vårt. Ei innvending mot Kants forståing av menneskeverd er at ikkje alle menneske har evna til å bruke fornufta, til dømes foster, spedbarn og dei som ligg i koma.

Ei annan essensialistisk forståing av menneskeverdet, som har hatt stor innverknad i Vesten, stammar frå kristendommen. Ifølgje kristendommen har mennesket ei spesiell verdigheit fordi vi er skapte i Guds bilete og gitt eit spesielt ansvar for skaparverket. Ei utfordring med denne forståinga er at mange menneske ikkje deler trua til kristendommen på ein skapargud.

Tenk etter

Kvifor kan grunngivinga for menneskeverdet vere viktig når du skal ta ta stilling til eit etisk spørsmål om til dømes aktiv dødshjelp?

Opne forståingar av menneskeverdet

I vår tid har det blitt stadig vanlegare å ha ei open forståing av menneskeverdet. I motsetning til tidlegare knyter ein ikkje menneskeverdet til medfødde eigenskapar ved mennesket som fornuft og fridom. Menneskeverdet blir i staden knytt til relasjonane mellom menneske og er først og fremst noko vi gir oss sjølv. Menneskeverdet blir forma og påverka av omgivnadene og har utvikla seg gjennom historia.

Menneskeverdet er, ifølgje desse forståingane, ikkje gitt ein gong for alle. Det er eit omgrep som er ope for ulike tolkingar. I eit demokratisk samfunn er det derfor oppgåva vår å diskutere oss fram til korleis vi skal velje å fortolke og forstå menneskeverdet i ulike situasjonar.

Det kan vere ei utfordring for dei opne forståingane av menneskeverdet at dei ikkje gir noko klart svar på kva menneskeverdet er. Samtidig vektlegg fleire av desse forståingane at menneskeverdet nettopp oppstår i møte med andre menneske. Viss vi har ei heilt bestemd og fastlåst forståing av kva menneskeverdet er, kan det gjere oss blinde for andre menneske sine behov og sårbarheita deira i den situasjonen dei er i, akkurat der og då. Det er først når vi ope møter kvarandre, ansikt til ansikt, at vi i felleskap kan lære å respektere kvarandre sitt menneskeverd.

Tenk etter

Kva er det som gir mennesket verdigheit, tenkjer du?

Ein robot med kvinneansikt har fingeren mot hovudet og ser ut som hen tenkjer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Menneskeverdet i møte med nye utfordringar

Dei teknologiske framstega stiller oss overfor nye etiske utfordringar knytte til menneskeverdet. Etiske modellar og teoriar kan hjelpe oss med å utforske desse etiske utfordringane frå ulike synsvinklar.

  • Pliktetikken fokuserer på kva reglar og prinsipp vi burde følgje for å respektere menneskeverdet. Finst det nokon absolutte grenser for kva vi kan gjere overfor andre, og kva endringar vi til dømes kan gjere med gena til barna våre?

  • Konsekvensetikken fokuserer på korleis respekt for menneskeverdet kan bidra til å skape mest mogleg lykke for flest mogleg. Vil til dømes nye teknologiske løysingar bidra til at fleire får det betre, eller vil det i staden auke forskjellane og skape nye former for smerte og liding?

  • Dydsetikken fokuserer på respekten for menneskeverdet som ein del av det å leve gode liv. Førebiletet er gode menneske med positive eigenskapar og karaktertrekk (dydar). I møte med nye teknologiske utfordringar må vi spørje oss korleis eit godt menneske, med dydar som rettferd, mot, venlegheit og miskunn, ville løyst desse spørsmåla.

Tre personar held fram kvar si bok. Boka til venstre har eit kors på omslaget. Boka i midten har arabisk skrift og utsmykking. Boka til høgre har hebraisk skrift med bilete av ein skriftrull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Menneskeverdet er også ein viktig del av læra til mange religionar. Desse religionane er ofte baserte på eldre tekstar som ikkje seier noko direkte om dei etiske spørsmåla den teknologiske utviklinga stiller oss overfor. For å svare på desse spørsmåla må vi ofte tolke dei religiøse kjeldene på nye måtar.

Innanfor dei ulike religionane finst det eit mangfald av ulike tolkingar og tolkingstradisjonar. Ifølgje kristendommen har mennesket ei spesiell verdigheit fordi vi er skapte i Guds bilete. For dei fleste kristne betyr det at det finst nokre grenser for korleis vi kan endre menneske ved hjelp av bioteknologi. Men akkurat kvar grensa går, er det mykje ueinigheit om.

Relatert innhald

Menneskerettar er grunnleggjande rettar alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion, legning eller nasjonalitet.

Viktige omgrep

Kjelder

Christensen, I. R. & Valen-Sendstad, Å. (Red). (2019). Menneskeverd – en utfordring for skole og samfunn. Cappelen Damm

Magelsen, M. (2013). Menneskeverd i klinikk og politikk. Lunde Forlag.

Wetlesen, J. (1990). Menneskeverd og menneskerettigheter: fire essays på vei til en dialog-etisk begrunnelse. Christian Michelsens Institutt.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling