Utforsk bioetikken - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk bioetikken

Den bioteknologiske revolusjonen stiller oss overfor mange ulike etiske spørsmål. Fordjup deg i eitt område av bioetikken og utforsk relevante etiske problemstillingar på dette området.

Utforsk bioetikken

I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i eit emne innanfor bioteknologien og utforske det. Oppgåva kan både gjerast individuelt og i grupper.

Forslag til emne

Bioteknologirådet har eigne emnesider der dei skriv om ulike former for bioteknologi og bioetiske spørsmål. Eit stykke ut i artiklane det er lenkja til under, finn de ei skildring av ulike etiske problemstillingar.

Bioteknologirådet: Assistert befruktning

Bioteknologirådet: DNA-analyser i etterforsking og rettsvesen

Bioteknologirådet: Fosterdiagnostikk

Bioteknologirådet: Genmodifiserte planter og mat

Bioteknologirådet: Genredigering og Crispr

Bioteknologirådet: Genterapi

Bioteknologirådet: Gentesting

Bioteknologirådet: Gentesting av befruktede egg

Bioteknologirådet: Kloning

Bioteknologirådet: Syntetisk biologi

Bioteknologirådet har også emnesider om andre former for bioteknologi. Her beskriv dei ikkje eksplisitt dei etiske problemstillingane som er relevante. Då må de i større grad sjølv finne fram til relevante etiske problemstillingar. Det har til dømes vore ein stor etisk debatt om det er rett å genmodifisere dyr og planter, om det er etisk rett å forske på stamceller og om politiet burde ha eit DNA-register for alle nordmenn, så dei lettare kan løyse kriminalsaker.

Bioteknologirådet: Genmodifiserte dyr

Bioteknologirådet: Genmodifiserte mikroorganismer

Bioteknologirådet: DNA-analyser i etterforskning og rettsvesen

Bioteknologirådet: Stamceller

  1. Førebuinga

    1. Vel ei form for bioteknologi. Gi ei kort beskriving av teknologien og kva han kan brukast til.

    2. Beskriv kva for etiske spørsmål denne forma for bioteknologi kan stille oss overfor.

  2. Utforsk trussamfunn og livssynssamfunn

    1. Vel eit trussamfunn eller livssynssamfunn og finn ei eller fleire kjelder. Beskriv trus- eller livssynssamfunnet sitt synspunkt på den forma for bioteknologi de har valt.

    2. Korleis grunngir kjelda eller kjeldene synspunkta? Er det til dømes ved å vise til heilage skrifter eller lover og menneskerettar?

    3. Vurder kjelda eller kjeldene kjeldekritisk. Kva slags kjelde er det? Har ho eit innanfrå- eller utanfråperspektiv? Er ho representativ for trus- og livssynssamfunnet?

    4. Kva er samanhengen mellom dei synspunkta de har funne og sentrale trekk ved det livssynet eller den religionen de utforskar?

  3. Uforsk etiske modellar

    1. Vel ei etisk problemstilling knytt til det emnet de har valt og formuler ho som eit kort og presist moralsk spørsmål. Til dømes: Er det moralsk rett å endre gena til menneske?

    2. Finn relevante argument for og mot det spørsmålet de har valt. Bruk gjerne fleire ulike kjelder for å finne relevante argument.

    3. Vel minst to ulike etiske modellar og diskuter problemstillinga ved hjelp av modellane.

  4. Oppsummering

    Diskuter det de har komme fram til i klassen. Diskuter til dømes:

    • Kva for etiske spørsmål stiller dei ulike formene for bioteknologi oss overfor?

    • Korleis stiller ulike religonar og livssyn seg til dei ulike formene for bioteknologi?

    • Er det nokon forskjellar mellom synspunkta og argumenta til ulike relgioner og livssyn? Kvifor? Kvifor ikkje?

    • Kva er samanhengane mellom synet på bioteknologi og sentrale trekk i religionane?

    • Korleis kan vi bruke etiske modellar for å diskutere bioetiske spørsmål? Gi konkrete døme.

Skrive av Karl Henrik Aanesen .
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022