Hopp til innhald
Fagartikkel

Menneskerettar

Menneskerettar er grunnleggjande rettar alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion, legning eller nasjonalitet.

Kva er menneskerettar?

Tanken om at det finst universelle rettar som gjeld for alle, oppstod for mange hundre år sidan. I moderne tid har desse rettane vorte definerte gjennom internasjonale avtalar som dei fleste land i verda har vorte samde om å følgje. I dag er det ofte reglane i desse avtalane ein snakkar om når ein snakkar om menneskerettar.

I 1948 vedtok FN Verdserklæringa om menneskerettar. Ho består av 30 artiklar som definerer kva som blir meint med menneskerettar. Seinare har FN vedteke ni konvensjonar som utdjupar det som står i verdserklæringa. Andre organisasjonar, som til dømes Europarådet, har òg vedteke menneskerettskonvensjonar.

Det er Verdserklæringa om menneskerettar og dei ulike menneskerettskonvensjonane som blir rekna som menneskerettar i internasjonal folkerett.

Ulike typar menneskerettar

Det er vanleg å skilje mellom sivile og politiske rettar, og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar.

Døme på sivile og politiske rettar er

  • retten til liv
  • retten til ikkje å bli torturert
  • ytringsfridom
  • religionsfridom
  • organisasjonsfridom

Døme på økonomiske, sosiale og kulturelle rettar er

  • retten til arbeid
  • retten til utdanning
  • retten til ein tilfredsstillande levestandard

Alle rettar er like folkerettsleg bindande. I FN ser ein likevel ofte at ulike statar legg meir vekt på nokre typar rettar enn andre. Tradisjonelt har land med "vestlege" verdiar framheva dei sivile og politiske rettane, medan utviklingsland ofte argumenterer med at dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane må vere på plass først.

Kvifor er menneskerettar viktige?

Menneskerettar handlar om forholdet mellom einskildindivid og staten dei lever i.

Historia har vist at statar er villige til å gjere forferdelege overgrep mot sin eigen og andre sin sivilbefolkning. FN og menneskerettskonvensjonen vart til i kjølvatnet av to verdskrigar der millionar av menneskeliv hadde gått tapt. Dei fleste var samde om at det var nødvendig med eit internasjonal regelverk som sette grenser for kva ei statsmakt kan gjere mot si eiga befolkning, og definerte kva forpliktingar staten skal ha.

I dag er den viktigaste funksjonen til menneskerettane å vere dette rammeverket. Statane har både plikt til å ikkje bryte menneskerettane sjølv, og til å førebyggje og forhindre at innbyggjarane bryt menneskerettane til kvarandre.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av FN-sambandet. Rettshavar: FN-sambandet
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020