Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Menneskeverd og kunstig intelligens

Ny teknologi skaper nye moglegheiter og ufordringar. Vi kan finne informasjon på nettet ved hjelp av kunstig intelligens og lage sjølvstyrte robotar. Reflekter over korleis kunstig intelligens kan påverke oss, og diskuter om denne teknologien bidreg til å styrkje eller svekkje menneskeverdet.

Oppgåve 1. Kva er kunstig intelligens?

Diskuter før de ser filmen:

  1. Kva trur de kunstig intelligens er?

  2. Korleis trur de kunstig intelligens påverkar livet dykkar på ulike måtar?

Oppgåve 2. Menneskeverd og kunstig intelligens

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  1. Kva for ulike former for kunstig intelligens finst det? Gi konkrete døme.

  2. Korleis kan algoritmar bidra til å hjelpe folk i ulike situasjonar? Gi konkrete døme.

  3. Korleis kan algoritmar bidra til diskriminering? Gi konkrete døme.

  4. Vi har alle rett til eit privatliv. Korleis kan kunstig intelligens utfordre og svekkje retten til å ha eit privatliv?

  5. Korleis kan kunstig intelligens bidra til at nokon fell utanfor arbeidslivet, og korleis kan vi hindre det?

  6. Kva er farane ved å bruke kunstig intelligens til å føreseie korleis du kjem til å handle i framtida?

  7. Diskuter om kunstig intelligens er ein trussel mot menneskeverdet.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling