Hopp til innhald

Fagstoff

Bioetikk

Bioteknologien gir oss ei rekkje nye moglegheiter til å endre på menneske, planter og dyr. Kvar skal vi setje grensa for den nye teknologien? Kvifor er bruken av nokon former for bioteknologi moralsk rett, mens bruken av andre former er moralsk feil? Dette er sentrale spørsmål i bioetikken.
Ein mann med mørkt hår og blå skjorte sit og snakkar i eit laboratorium. Han har ein mikrofon festa til skjorta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 2018 blei dei første genredigerte babyane, Lulu og Nana, fødd i Kina. Forskarane hadde endra genomet til jentene for å gjere dei meir motstandsdyktige mot HIV-infeksjon. Same året kunngjorde andre kinesiske forskarar at dei for første gong hadde klona to høgareståande pattedyr. Desse forsøka skapte ein stor etisk debatt. Kvar skal vi setje grensa for bruken av genteknologi?

Kva er bioteknologi og bioetikk?

Dei siste åra har det skjedd ei stor utvikling innan bioteknologi. Vi har mellom anna fått nye og enklare teknikkar for å teste og endre genane våre. Dei nye teknikkane byr på nye moglegheiter til å førebyggje sjukdommar og liding, men stiller oss samtidig overfor ei lang rekkje etiske utfordringar.

Bioteknologi er ei samlenemning for teknologi der det blir brukt mikroorganismar, planteceller, dyreceller og humane celler. Det involverer ei lang rekkje ulike teknikkar frå politiet sine DNA-analysar i krimsaker til endring av genmaterialet til planter og dyr.

Den delen av etikken som dreier seg om bruken av bioteknologi, kallar vi bioetikk. I bioetikken reflekterer vi over kvifor bruken av somme former for bioteknologi kan vere moralsk feil, og kvifor bruken av andre kan vere moralsk rett. Spørsmål innanfor bioetikken kan til dømes vere: Kvifor er det rett eller gale å klone menneske, eller kvifor er det rett eller gale å kartleggje og endre gena til foster for å unngå arvelege sjukdommar?

Det kan ofte vere stor ueinigheit om kva som er rett og feil bruk av bioteknologien, og kvar vi skal setje grensa for utviklinga. Ved å reflektere over kvifor noko er moralsk rett eller gale, blir vi ikkje nødvendigvis einige. Det er heller ikkje målet. Ved å sjå saka frå fleire ulike sider kan vi likevel få auka forståing, bli betre til å respektere standpunkta til andre og få større evne til å vege ulike omsyn og standpunkt opp mot kvarandre.

Bioteknologiske og bioetiske emne

Bioteknologirådet har eigne temasider der dei skriv om ulike former for bioteknologi og bioetiske spørsmål. Her er lenkjer til somme av temaa:

Arv og genetikk

Assistert befruktning

Bioteknologi og global helse

Bioøkonomi

DNA-analyser i etterforskning og rettsvesen

Fosterdiagnostikk

Genmodifiserte dyr

Genmodifiserte mikroorganismer

Genmodifiserte planter og mat

Genredigering og Crispr

Genterapi

Gentesting

Gentesting av befruktede egg

Kloning

Stamceller

Syntetisk biologi

Ein kvinneleg forskar med gul hijab, munnbind og hanskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bioetikk og religion

Ofte kan religionar ha ein annan innfallsvinkel til bioetiske problemtillingar enn moderne medisin og vitskap. Ifølgje mange religionar har mennesket ei åndeleg side som overskrid vår reint biologiske kropp. Livet blir ikkje avslutta med døden, men held fram vidare. Somme trur dei kjem til himmelen, mens andre trur på atterføding og reinkarnasjon. Dette gjer at enkelte truande ikkje ønskjer livsforlengande medisinar og behandling.

Religionane har òg ei anna kjelde til kunnskap om bioetikk enn ikkje-religiøs etikk. Heilage skrifter og religiøse openberringar kan gi ulike perspektiv på kva som er rett og gale. Ein grunn til at ein i hinduismen har vore meir positiv til assistert befruktning enn delar av kristendommen og islam, er fordi hinduismen har religiøse forteljingar og skrifter som beskriv hendingar som kan minne om assistert befruktning, på ein positiv måte. Samtidig blei dei religiøse skriftene skrivne lenge før den bioteknologiske revolusjonen. For å kunne svare på bioetiske problemstillingar må skrifta derfor tolkast, og det finst ofte eit mangfald av ulike tolkingar innanfor eit trussamfunn.

Mange religionar har òg ei førestilling om ein skapargud. Eit sentralt spørsmål for mange truande er kva grenser Gud set. Kva er det Gud bestemmer over, og kva kan menneske endre? Er det til dømes rett å endre skaparverket gjennom genredigering? Eit anna sentralt spørsmål for mange truande er mennesket sitt forvaltaransvar. I kristendommen, islam og jødedommen har Gud gitt mennesket eit ansvar for å ta vare på og forbetre verda og hindre liding. Innanfor både jødedommen og islam finst det til dømes ei plikt til å heile sjukdom. Dette har blitt brukt til å forsvare bioteknologisk forsking.

Det er òg viktig å understreke at det er eit stort mangfald av synspunkt på bioetikk innanfor dei religiøse tradisjonane. Det er derfor vanskeleg å snakke om eit kristent, muslimsk, hinduistisk eller buddhistisk syn på bioetikken. Vi kan likevel peike på somme sentrale etiske idéar innanfor dei ulike religiøse tradisjonane som er med på å påverke synet deira på bioetikken.

Ei mus blir halden opp av ein forskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bioetikk og etiske modellar

Dei etiske modellane er teoriar om korleis vi bør leve, og kva handlingar som er gode og moralsk rette. Desse modellane kan hjelpe oss å svare på bioetiske problemstillingar. Dei har ulike perspektiv på etikken, og dei kan hjelpe oss å sjå dei etiske spørsmåla bioteknologien stiller oss overfor frå fleire ulike vinklar.

Dei mest kjende etiske modellane er konsekvensetikk, dydsetikk og pliktetikk. Den finst fleire ulike versjonar av desse modellane. Her vil vi berre gi ei kort og forenkla beskriving av korleis modellane kunne svare på spørsmålet om genredigering: Er det moralsk rett å endre genane våre?

Konsekevensetikk

Konsekvensetikk fokuserer på konsekvensane av ei handling. Den rette handlinga er den som fører til mest mogleg lykke for flest mogleg. Ifølgje konekvensetikken burde vi tillate genredigering viss det fører til større nytte, glede eller lykke og mindre smerte og liding blant fleirtalet av menneske og dyr.

Pliktetikk

Pliktetikk fokuserer på etiske reglar og prinsipp. Den rette handlinga er den som følgjer visse moralske reglar eller prinsipp. Ifølgje pliktetikken burde vi tillate genredigering viss det ikkje bryt med viktige etiske reglar eller prinsipp.

Dydsetikk

Dydsetikken fokuserer på eigenskapane og karaktertrekka til dei menneska som utfører handlinga. Målet er å bli eit klokt og godt menneske med positive eigenskapar og karaktertrekk (dydar). Ifølgje dydsetikken burde vi derfor tillate genredigering viss eit klokt og godt menneske ville valt dette alternativet.

Fem animerte personar diskuterer. Dei har fargerike klede med prikkar og rutemønster. Det er snakkebobler i ulike fargar over dei. Illustrasjon.

Ulike argumentasjonsformer i bioetikk

Når vi skal diskutere etiske problemstillingar i bioetikken, er det viktig å ta med relevante argument for og mot det vi diskuterer. I bioetikken er det spesielt enkelte argument som ofte blir brukt.

Argumentasjon frå eit kjent døme

Her samanliknar vi eit nytt og ukjent problem med noko som allereie er kjent. Vi kan til dømes hevde at gravide kvinner burde ha moglegheiter til å teste fosteret for arvelege sjukdommar, sidan kvinner har moglegheit til å teste seg for andre sjukdommar som til dømes livmorhalskreft. Ei innvending vil då vere at dette ikkje er ei relevant samanlikning. Det er annleis å teste ei kvinne som sjølv kan ta ei avgjerd enn eit foster som ikkje kan samtykkje.

Skråplanargumentasjon

Her hevdar vi at viss vi godtek ein ting, vil det kunne føre til ei glidande utvikling, der vi gradvis må godta ei heil rekkje andre ting. Viss vi til dømes tillèt kloning av enkle organismar, vil det kunne føre til ei utvikling der vi gradvis vil tillate kloning av høgareståande dyr og til slutt menneske. Ei innvending mot dette argumentet er at det eine ikkje nødvendigvis vil leie til det andre.

Føre-var-prinsippet

Her hevdar vi at vi burde vere forsiktige med å innføre ny teknologi fordi vi ikkje veit kva han kan føre til. Det er derfor tryggare å ikkje bruke han før vi er heilt sikre på at han fungerer og ikkje har nokon negative biverknader. Viss vi til dømes tillèt storstilt bruk av genmodifsert mat, kan det få alvorlege helsekonsekvensar som vi enno ikkje har oversikt over. Ei innvending mot dette argumentet er at det kan få svært negative konsekvensar viss vi ventar med å innføre teknologien. Dersom vi ikkje tek i bruk genmodifisert mat, kan vi til dømes risikere at mange menneske vil døy av matmangel og svolt.

Tips til god argumentasjon

Bioteknologirådet har fleire tips til god etisk argumentasjon:

  • Ta ballen, ikkje personen. Kritiser kvarandre sine argument, ikkje kvarandre som personar.

  • Kartlegg kva de er ueinige om. Er det til dømes fakta eller ulike etiske vurderingar?

  • Ver varsam med argument om kva som er naturleg eller kunstig. Mange sjukdommar er naturlege, men ikkje ønskjelege. Mange medisinar er kunstige, men likevel ønskjelege.

  • Respekter at vi kan ha ulike verdiar og etiske vurderingar. Prøv å forstå den andre og forklar synet ditt på ein god måte.

Tipsa er henta frå artikkelen "Bioetikk" på Bioteknologirådet.

Les meir:

Bioteknologirådet: Bioetikk

Kjelder

Bioetikkrådet. (2022, januar). Bioetikk. https://www.bioteknologiradet.no/temaer/bioetikk/

Jacobsen, K.A. (red.). (2010). Bioetikk i verdensreligionene. Religion, medisin og teknologisk endring. Abstrakt forlag.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling