Film: Bioteknologi
I filmen diskuterer ungdommar frå revygruppa på Elvebakken videregående skole synet på bioteknologi i ulike religionar og livssyn.
Artikkel: Menneskeverd i møte med ny teknologi
Film: Abort
I filmen diskuterer ungdommar frå revygruppa på Elvebakken videregående skole synet på abort i ulike religionar og livssyn.
Artikkel: Menneskeverd i møte med nye teknologi
Film: Gentesting
I filmen beskriv professor i biologi Dag O. Hessen utviklinga innan genteknologi og gentesting. Han peikar på nokre moglegheiter og farar ved denne utviklinga, og kva for etiske dilemma ho kan stille oss overfor.
Podkast: Genteknologi
I denne podkasten reflekterer biolog Sigrid Bratlie over kva for etiske utfordringar den nye genteknologien stiller oss overfor.
Podkastoppgåver: Genteknologi – moglegheiter og truslar
Film: Kyborgar
I filmen får vi døme på menneske som har plassert teknologi inn i kroppen. Filmen diskuterer positive og negative konsekvensar av denne nye teknologien, og korleis det kan endre synet vårt på kva det vil seie å vere eit menneske.
Oppgåver: Kyborgar: Mennesket 2.0
Film: Kunstig intelligens
I filmen får vi ei skildring av kva kunstig intelligens (AI – Artifical Intelligence) er. Korleis kan robotar og algoritmar påverke oss og hjelpe oss, og kva farar kan dei føre til?
Film: Kunstig intelligens 2
I denne filmen får vi ei forklaring på kva kunstig intelligens er, og vi får døme på bruk og misbruk av kunstig intelligens. Korleis påverkar kunstig intelligens oss, og korleis kan vi påverke bruken av kunstig intelligens?
Reservedelar frå genmodifiserte dyr
I denne filmen får vi ei skildring av korleis genteknologi kan brukast til å lage organ for menneske. Vi får også ei kort oversikt over argument for og mot å bruke dyr på denne måten.
Fosterdiagnostikk og testing av befrukta egg
I denne filmen får vi ei kort beskriving av fosterdiagnostikk. Vi ser kva for etiske val denne denne teknologiske utviklinga stiller oss overfor, og vi får ei oversikt over ulike synspunkt på denne teknologien.