Oppgave
Filmoppgåve: Genteknologi
Ny teknologi gir nye etiske utfordringar. Kva skal vi meine om genmodifisering, kloning og gentesting? Revygruppa på Elvebakken vidaregåande skule diskuterer.
Noter ned dei viktigaste argumenta som kjem fram i filmen og del dei i to grupper:
- Positiv til genteknologi
- Negativ til genteknologi
- Korleis blir religion brukt til å grunngi standpunkta i diskusjonen?
- Også dei ikkje-religiøse i videoen er skeptiske til ulike sider ved bioteknologi. Korleis argumenterer desse?
- Kan ein argumentere for at det er umoralsk å ikkje bruke moglegheiter som genteknologi gir?
Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgjande punkt:
- Kva for farar ved genteknlogi bør vi vere medvitne på?
- Kva for moglegheiter ved genteknologi bør vi bruke?
- Er det prinsipielt gale å manipulere gen og endre livets byggjesteinar?