Menneskeverd og algoritmar
Oppgåve 1. Korleis fungerer algoritmar?
Diskuter før de ser filmen:
Kva er algoritmar?
Korleis påverkar algoritmane kvardagen dykkar på nett?
Kva for nokon positive og negative konsekvensar kan algoritmar føre med seg?
Oppgåve 2. Menneskeverd og algoritmar
Sjå filmen (lengde 8:01) og svar på spørsmåla under.
Kva for ulike former for kunstig intelligens finst det? Gi konkrete døme.
Korleis kan algoritmar bidra til å hjelpe folk i ulike situasjonar? Gi konkrete døme.
Korleis kan algoritmar bidra til diskriminering? Gi konkrete døme.
Vi har alle rett til eit privatliv. Korleis kan kunstig intelligens utfordre og svekke retten til å ha eit privatliv?
Korleis kan kunstig intelligens bidra til at nokon fell utanfor arbeidslivet, og korleis kan vi hindre det?
Kva er farane ved å bruke kunstig intelligens og algoritmar til å føreseie korleis vi kjem til å handle i framtida?
Diskuter om kunstig intelligens og bruken av algoritmar er ein trussel mot menneskeverdet.