Filmoppgåve: Abort
Oppgåve 1
Noter ned dei viktigaste argumenta som kjem fram i filmen og del dei i to grupper:
positiv til abort
negativ til abort
Kva for nokon av argumenta har med religion å gjere? Har desse argumenta noko til felles?
Nokre av deltakarane trekker inn kjønnsroller i diskusjonen. Kva er argumenta for at kvinner burde ha mest å seie i diskusjonen om abort?
I filmen blir det sagt at kvinner ifølge norsk lov har rett til å ta abort innan 12 veker av svangerskapet. I 2025 blei likevel kvinner sin rett til sjølvbestemd abort utvida frå 12 til 18 veker. Søk på nett og finn ut:
Kva var argumenta for at kvinner sin rett til sjølvbestemd abort blei utvida til 18 veker?
Kva var argumenta mot at kvinner sin rett til sjølvbestemd abort skulle utvidast til meir enn 12 veker?
Oppgåve 2
Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgande punkt:
- Kvar går grensa for når vi kan snakke om liv hos fosteret?
- Når bør fosteret reknast som eit menneske med same retten til vern som deg sjølv? Er det rett etter unnfanginga, etter to, tre, fire eller fem månader, eller er det seinare?
- Kva trur du var årsaka til at sjølvbestemd abort var forboden i Noreg heilt fram til 1978? Kvifor trur du lova blei oppheva?
- Abort-debatten handlar særleg om to ulike prinsipp sette opp mot kvarandre: fosteret sin rett til liv og kvinna sin rett til å bestemme over eigen kropp. Kva for nokon av desse to prinsippa er viktigast, og kvifor?