Menneskeverdet i møte med ny teknologi - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Menneskeverdet i møte med ny teknologi

Bioteknologi, kunstig intelligens og andre former for ny teknologi stiller oss overfor nye moglegheiter, men også nye etiske utfordringar. På kva måtar kan den nye teknologien påverke menneskeverdet på godt og vondt?

På den eine sida tenkjer vi ofte at det er ei motsetning mellom teknologi og det å vere menneske. Vi tenkjer at mennesket er naturleg, mens teknologien er kunstig. Teknologien er noko utanfor oss, noko som kan vere ein trussel mot det som gjer oss til menneske og menneskeverdet vårt.

På den andre sida er bruken vår av teknologi eit av dei mest grunnleggjande kjenneteikna ved menneska som art. Teknologien er på mange måtar ein del av oss og ein grunnleggjande føresetnad for heile sivilisasjonen vår. Utan teknologisk jordbruk til å skaffe oss mat, moderne medisinar for å halde oss friske og kommusnikasjonteknologi for å knyte oss saman ville det i praksis vere vanskeleg å respektere menneskeverdet.

Tenk etter!

Er det teknologien som gjer oss til kven vi er?

Bioteknologi

Den revolusjonerande utviklinga innan bioteknologi har skapt nye moglegheiter og utfordringar for menneskeverdet. Bioteknologi er ei samlenemning for alle teknikkar som bruker levande organismar, som planteceller, dyreceller og mikroorganismar, til å lage produkt som er nyttige for oss. Innanfor bioteknologi har spesielt utviklinga av genteknologi skapt nye etiske dilemma.

Nye former for genteknologi gjer det mogleg å endre arvestoffet til menneska på ein heilt annan måte enn før. CRISPR-metoden gjer det til dømes mogleg å redigere gen ganske nøyaktig. Det betyr at vi til dømes kan gå inn og endre gen som kan gi arvelege sjukdommar hos barn. Det betyr også at vi kan påverke kva eigenskapar barnet skal ha. Til dømes er det mogleg å velje høgde, kjønn og augefarge til eit kommande barn.

Det er fleire som er skeptiske til den nye teknologien og hevdar at han kan utgjere ein trussel mot menneskeverdet. Viss vi endrar gena hos eit barn, vil desse endringane bli førte vidare til dei neste generasjonane. På den måten kan mennesket som art bli grunnleggjande forandra.

Det er andre som er langt meir positive overfor dei nye moglegheitene genteknologien gir mennesket. Ifølgje den moderne ideologien til transhumanistane bør vi bruke genteknologi for å forbetre mennesket sine eigenskapar og til dømes gi oss sjølve betre helse, lengre liv, auka intelligens og så vidare. Viss genteknologien blir brukt til å forbetre livet til menneska, vil han ifølgje enkelte transhumanistar kunne bidra til å fremje respekten for menneskeverdet.

I dag set bioteknologilova relativt strenge grenser for kva den nye genteknologien kan brukast til, men det er fleire land som har langt meir liberale lover enn Noreg.

Datateknologi og digitalisering

Datateknologien og informasjonsteknologi har fullstendig endra arbeidslivet og måten vi kommuniserer på. Ei form for datateknologi som har fått mykje merksemd, er kunstig intelligens. Det er informasjonsteknologi som justerer sin eigen aktivitet, og derfor verkar han tilsynelatande som intelligent.

Ei form for kunstig intelligens som tek over arbeidsoppgåver frå menneske, blir i aukande grad brukt i robotar. Arbeid og moglegheita til å forsørgje seg sjølv er for mange menneske ein essensiell del av menneskeverdet deira. Spørsmålet blir då om robotar vil gjere mange menneske overflødige i framtida, eller om dei tvert i mot vil gi mennesket større fridom og nye, spennande arbeidsmoglegheiter.

Ei anna form for kunstig intelligens er algoritmar, som styrer kva treff og kva slags informasjon vi får opp på internett. Kva gjer det med menneskeverdet vårt at store selskap får stadig meir informasjon om oss og i stadig større grad kan styre kva slags informasjon vi får? Gir den tilpassa informasjonen oss eit betre liv, eller blir tankane og handlingane våre i aukande grad styrte av store teknologiselskap?

Kva skjer med menneskeverdet vårt viss vi i aukande grad vel å overlate viktige avgjerder til algoritmar og datamaskiner? I dag bruker vi til dømes algoritmar i datingapper for å finne nokon som passar for oss. I tillegg nyttar vi valomatar for å finne ut kva for eit politisk parti vi skal stemme på. Ifølgje filosofen Kant er menneskeverdet vårt basert på fornufta og fridommen vår. Kva skjer med menneskeverdet viss vi i staden for å bruke fridommen og fornufta vår overlèt viktige val til datamaskiner?

Datateknologien har også i stor grad forma moderne krigføring. No sit operatørar og styrer angrepsdronar tusenvis av kilometer unna der krigen går føre seg. Kva gjer det med menneskeverdet vårt? Fleire psykologar har hevda at denne avstanden kan gjere det lettere å dehumanisere fienden. Det vil seie at ein ser bort frå at fienden også er menneske. Dermed kan det vere lettare å ta livet av dei. Den nye angrepsteknologien kan også gjere det vanskelegare å halde nokon ansvarleg når teknologien sviktar og tek livet av uskyldige.

Tenk etter!

  • Kven har makt over den teknologiske utviklinga?

  • Er det den teknologiske utviklinga som styrer oss eller vi som styrer den teknologiske utviklinga?

  • Kva har svaret på desse spørsmåla å gjere med verdigheita vår?

Globalisering

Teknologi er ein føresetnad og pådrivar for at verda blir voven tettare og tettare saman. Globaliseringa fører til at vi får auka kulturell, økonomisk og politisk kontakt på tvers av landegrensene. Det kan føre til spreiing av menneskerettar, som kan vere med på å verne menneskeverdet. Det kan også føre til spreiing av terrorisme, menneskehandel og organisert kriminalitet, som alt saman kan vere truslar mot menneskeverdet.

Den økonomiske globaliseringa har leidd til store endringar i verda. Den absolutte fattigdommen har minska, mens dei økonomiske forskjellane held fram med å auke. Klima- og miljøproblema, som følgjer i kjølvatnet av den økonomiske veksten, truar samtidig med å øydeleggje sjølve livsgrunnlaget vårt. Det kan på ein grunnleggjande måte true menneskeverdet.

Teknologien er ikkje berre med å forme kven vi er. Vi bruker også teknologien i stor grad til å utrykkje oss og formidle til andre kven vi vil vere. Smarttelefonen har i stor grad endra måten ungdommar kommuniserer på.

På den eine sida får vi moglegheiter til å kommunisere med andre, knyte band til menneske som deler interessene våre og gi oss heilt nye kulturelle impulsar. Nye felleskap på nett kan på denne måten gi oss auka tilhøyrsel og vere med å styrkje menneskeverdet vårt.

På den andre sida kan dei sosiale media bidra til auka press, nye former for mobbing, krenkingar og overgrep. Lukka forum på nett kan også bli veksthus for ekstreme haldningar og handlingar. På denne måten kan dei sosiale media vere med på å svekkje menneskeverdet.


Kjelder

Christensen, I. R. & Valen-Sendstad, Å. (Red). (2019). Menneskeverd –en utfordring for skole og samfunn. Cappelen Damm.

Dons, E.M., Skjerve, K., Haraldsen, F., Kiran, A.H, Luaritzen, E. & Mikalsen, K.K. (2022). Fellespensum for NTNU-ex-phil. våren 2022 Prøveutgave. NTNU

Magelsen, M. (2013). Menneskeverd i klinikk og politikk. Lunde Forlag.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022