Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Menneskeverd og gentesting

Ny teknologi endrar liva våre. Vi kan teste våre eigne gen og finne ut om vi har arvelege lidingar i familien. Reflekter over korleis gentestesting kan påverke oss, og diskuter om denne teknologien bidreg til å styrkje eller svekkje menneskeverdet.

Oppgåve 1. DNA-et ditt

Diskuter før de ser filmen

  1. Kunne du tenkje deg å finne ut kva DNA-et ditt, arvestoffet ditt, består av?

  2. Kva ville du brukt denne informasjonen til?

Oppgåve 2. Menneskeverd og gentesting

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  1. Kva er fordelane med gentesting?

  2. Kva er argumenta for og mot å ta ein gentest viss du veit at du har ei arveleg liding i familien?

  3. Diskuter om det er moralsk gale eller rett å ta ein gentest viss du veit at du har ein arveleg sjukdom i familien og planlegg å få barn?

  4. Dei som er kritiske til gentesting, bruker ofte eit skråplanargument, ifølgje Dag O. Hessen. Kva er det? Gi nokre konkrete døme.

  5. Dag O. Hessen er kritisk til at unge, friske menneske tek gentestar for å få betre kosthald og maksimere treningsopplegg. Ifølgje Hessen er det misbruk av medisinske ressursar og speler på ungdoms ønske om å vere perfekte. Diskuter Hessens kritikk. Er du einig eller ueinig?

  6. Diskuter korleis bruken av gentestar kan bidra til å svekkje og styrkje menneskeverdet?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling