Hopp til innhald

Fagstoff

Menneskeverd ved byrjinga av livet

Ny teknologi er med å påverke grunnleggjande spørsmål om menneskeverdet ved byrjinga av livet. Dei etiske debattane om abort, fosterdiagnostikk, assistert befruktning og genredigering er på ulike måtar forma av den teknologiske utviklinga.
Embryo i fosterhinne. Vi kan òg sjå navlestrengen og morkaka. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Abort

Den teknologiske utviklinga gir oss stadig større kunnskap om arvestoffet og utviklinga til fosteret. Dette er med på å påverke debatten om abort og menneskeverdet til fosteret. Eit sentralt spørsmål i abortdebatten er når eit foster kan reknast som eit menneske med eit eige menneskeverd. Somme meiner at fosteret får menneskeverd ved unnfanginga, somme meiner det skjer i løpet av svangerskapet, mens andre meiner at fosteret ikkje får fullt menneskeverd før sjølve fødselen.

I Noreg har alle kvinner rett til å ta abort fram til veke 12 i svangerskapet. Etter det må du ha eit spesielt løyve frå ein abortnemd. Desto lenger ut i svangerskapet du er, jo vanskelegare er det å få eit slikt løyve. Ifølgje lova kan du ikkje få løyve til abort viss fosteret vil ha moglegheiter til å overleve utanfor mors liv. I framtida vil ny teknologi kanskje gjere det mogleg for yngre og yngre foster å overleve utanfor mors liv. Dette vil igjen kunne påverke debatten om kor langt ut i svangerskapet det skal vere lov til å utføre ein abort.

Fleire religiøse leiarar og grupper har engasjert seg i kampen mot abort. Det kan skape eit inntrykk av at religionar generelt er mot abort. I verkelegheita er det eit mangfald av ulike syn på abort innanfor ulike trussamfunn. Historisk har det til dømes vore ulike syn på når eit foster skal reknast som eit menneske med sjel innanfor både kristendommen og islam. Generelt har kristne trussamfunn eit restriktivt syn på abort. Den katolske kyrkja er til dømes mot abort, mens Den norske kyrkja har eit meir nyansert syn. Kyrkjerådet hevdar på den eine sida at fosteret har menneskeverd og krav på vern frå unnfanginga. På den andre sida skriv dei at:

Et samfunn med legal adgang til abort er et bedre samfunn enn et samfunn uten slik adgang. Det forhindrer illegale aborter, og fremmer helse, sikkerhet og trygghet for kvinner.

I islam er det vanleg å tru at fosteret får sjel 120 dagar etter unnfanginga. Nokre trussamfunn i islam aksepterer derfor abort før det er gått 120 dagar, men det finst òg meir restriktive haldningar. I fleire hinduistiske og buddhistiske skrifter blir abort fordømd. Det blir rekna som brot på prinsippet om ikkje-vald, ahimsa. Samtidig finst det fleire ulike tolkingar og praksisar innanfor hinduistiske og buddhistiske trussamfunn i dag, der abort ofte er vanleg. I India er til dømes abort lovleg, og fleire hinduar tolkar dei heilage skriftene meir som forslag og rettleiing heller ein forskrifter og absolutte reglar.

 Portrettbilete av ei kvinne med ei T-skjorte der det står "Utdrydningstruet". Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fosterdiagnostikk

Moderne teknikkar for fosterdiagnostikk har òg skapt nye moglegheiter og utfordringar. Fosterdiagnostikk er ulike teknikkar for å kartleggje helsetilstanden til fosteret og genetiske eigenskapar ved hjelp av ultralyd, morkakeprøver eller fostervassprøve. Forsvararar av denne typen testar hevdar dei kan gi foreldra auka kunnskap, fridom og tryggleik, mens kritikarane har hevda at det kan føre til eit samfunn der vi vel vekk alle foster som ikkje er perfekte.

Sorteringssamfunn?

Det har vore ein stor debatt rundt om alle kvinner skal få tilbod om fosterdiagnostikk. Kritikarane har hevda at kartlegginga av helsetilstanden til fosteret vil føre til eit sorteringssamfunn, der alle foster med funksjonsnedsetjingar, som til dømes Downs syndrom, vil bli valde vekk. Det vil òg kunne bidra til at menneske med Downs blir stigmatiserte, og at folk med funksjonsnedsetjingar blir rangerte under funksjonsfriske.

Tilhengjarar av fosterdiagnostikk har derimot hevda at omgrepet "sorteringssamfunn" er eit misvisande og negativt lada ord som ikkje beskriv kva fosterdiagnostikk eigentleg handlar om. Dei hevdar at mange som vel å abortere foster med arvelege sjukdommar, gjer det fordi dei fryktar at omsorga for barnet vil bli ein for stor påkjenning, ikkje fordi dei er tilhengjarar av eit "sorteringssamfunn".

Synet på fosterdiagnostikk er i fleire trussamfunn knytt til moglegheita for å ta abort. Den katolske kyrkja er til dømes positive til fosterdiagnostikk som ikkje medfører nokon fare for fosteret. Det kan gi foreldre tryggleik og legar moglegheit til å førebu nødvendig medisinsk behandling. Den katolske kyrkja er derimot heilt imot fosterdiagnostikk som blir knytt til abort. Dei ønskjer ikkje at fosterdiagnostikk skal leie til at foster med arvelege sjukdommar blir aborterte.

Fosterdiagnostikk kan òg få uheldige konsekvensar som i større grad er knytt til kultur enn religion. I India er det eit stort problem at fosterdiagnostikk leier til at fleire millionar jentefoster blir aborterte. Dette kjem mellom anna av at tradisjonar favoriserer søner – dei eldre er avhengige av at sonen tek seg av dei i alderdommen. I tillegg slepp dei å betale medgift for dottera.

Kvinne peikar på skjerm som viser ei befrukta eggcelle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Assistert befruktning

Assistert befruktning er metodar for befruktning som skjer utanfor kroppen eller ved inseminasjon. Det er ein måte å hjelpe ufrivillig barnlause til å få barn på, og i Noreg blir cirka 5 prosent av alle barn til ved kunstig befruktning.

Ei form for assistert befruktning som har skapt mykje debatt, er surrogati. Surrogati er når ei kvinne blir gravid og føder eit barn for andre. I Noreg er surrogati ulovleg, mens det er lovleg USA og fleire andre land. I ei undersøking i 2017 svarte 54 prosent av nordmenn at dei var positive til surrogati.

Motstandarar av surrogati har mellom anna hevda at surrogati ikkje respekterer menneskeverdet, noko som kjem av at surrogatmora blir behandla som eit middel og ikkje eit mål i seg sjølve. Det legg òg til rette for at rike menneske kan utnytte fattige kvinner. Tilhengjarar hevdar tvert i mot at surrogati kan fremje menneskverdet. Det gir både surrogatmora fridom til å bestemme over eigen kropp og dei barnlause moglegheita og fridommen til å få barn.

I fleire trussamfunn er omsynet til embryoet viktig i diskusjonen om assistert befruktning. Den katolske og ortodokse kyrkja er til dømes restriktive til bruk av assistert befrukning fordi det kan skade eller øydeleggje embryo, som dei meiner har krav på vern. I fleire kristne, jødiske og islamske trussamfunn er òg omsynet til ekteskapet ei viktig avgrensing når det gjeld assistert befruktning. Surrogati eller å bruke sæd eller egg frå ein annan part blir tolka som utruskap og ekteskapsbrot og derfor forbode. Dette synet finn vi òg igjen blant enkelte hinduar, samtidig som mange hinduistiske trussamfunn er positive til assistert befruktning. I hinduistiske skrifter finn vi døme på bruk av surrogatfedrar og andre magiske måtar å bli gravide på. I India er surrogati lovleg, men i 2015 forbaud India surrogati for utlendingar for å kjempe mot auken i kommersiell surrogati.

Genredigering

Genredigering gjer det mogleg å endre gen som finst i menneske og andre organismar. I 2012 utvikla genforskarar ein ny og enklare måte å redigere gen på som heiter CRISPR (Clustered Regularly Interspaced Short Palendromic Repeats). Denne teknologien gjer det mellom anna mogleg å endre eller skru av gen som kan forårsake sjukdommar hos planter, dyr eller menneske.

I Noreg er det lov å forske på og gjere endringar i befrukta egg frå menneske, men desse befrukta egga må øydeleggjast innan 14 dagar. Dei kan heller ikkje setjast inn i livmora til kvinna. Det er også forbode i Noreg å gjere genetiske endringar som kan gå i arv til neste generasjon.

Genredigering gjer det mogleg å endre arvematerialet til framtidige generasjonar. For somme representerer denne utviklinga ein trussel mot menneskeverdet. Sidan mennesket har ein vilkårslaus verdi, er det problematisk å endre på dei grunnleggjande eigenskapane våre. For andre representerer denne utviklinga ein måte å styrkje menneskeverdet på ved å fjerne unødvendige sjukdommar og liding.

Fleire trussamfunn er positive til genredigering fordi det kan kurere arvelege sjukdommar. Fleire islamske samfunn er til dømes positive til genredigering fordi menneske ifølgje Koranen har ei plikt til å kurere sjukdommar. Samtidig er mange muslimar opptekne av at vi ikkje skal bryte Guds grenser. Det er Gud som har bestemt mennesket sine eigenskapar gjennom skapinga, og mennesket må derfor respektere desse grensene. Denne tankegangen finn vi igjen i mange kristne og jødiske trussamfunn. Dei er også skeptiske til å bruke genredigering til å forbetre menneskelege eigenskapar.

Kjelder

Bioteknologinemnda. (2022, januar). Surrogati. https://www.bioteknologiradet.no/filarkiv/2011/03/2011_03_23_surrogati.PDF

Den katolske kirke. (2019). En samtale om livets begynnelse. https://www.katolsk.no/tro/tema/etikk/artikler/en-samtale-om-livets-begynnelse.PDF

Den norske kirke. (2019, 25. mars). Høring – Forslag til endringer i abortloven – Fosterreduksjon. https://www.regjeringen.no/contentassets/f7a3c64668444bc88b0c6c9ba90c7dfd/den-norske-kirker-a.pdf?uid=Den_norske_kirke

Gran, E. (2018, 12 februar) Nei, motstanden mot surrogati handler ikke om "yuck"-faktoren. Fri Tanke. https://fritanke.no/nyheter/nei-motstanden-mot-surrogati-handler-ikke-om-yuck-faktoren/19.10726

Helsedirektoratet (2019, 20. desember). § 18. Fosterets levedyktighet. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/abort-svangerskapsavbrudd-veileder-til-forskrift/fritak-av-samvittighetsgrunner/-18.fosterets-levedyktighet

Jacobsen, K.A. (red.). (2010). Bioetikk i verdensreligionene. Religion, medisin og teknologisk endring. Abstrakt forlag.

Magelsen, M. (2013). Menneskeverd i klinik og politikk. Lunde Forlag.

Nesheim, B.I. (2021, 21 februar). Abort. I Store Norske Leksikon. https://sml.snl.no/abort

Tjernhaugen, K. & Dommerud, T. (2017, 14. februar). Meiningsmåling: Flertall vil tillate å få barn ved hjelp av surrogatmor i Norge. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/xbgop/meningsmaaling-flertall-vil-tillate-aa-faa-barn-ved-hjelp-av-surrogatmor-i-norge



CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling