Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåve: Abort

Abort er eit omdiskutert tema. Abort er tillate i Noreg, men er det moralsk rett å avbryte eit svangerskap? Er det moralsk rett å forby det? Revygruppa på Elvebakken videregående skole diskuterer.

Noter ned dei viktigaste argumenta som kjem fram i filmen og del dei i to grupper:

  • positiv til abort
  • negativ til abort
  1. Kva for nokre av desse argumenta har med religion å gjere? Har desse argumenta noko til felles?
  2. Somme av deltakarane trekkjer inn kjønnsroller i diskusjonen. Kva er argumenta for at kvinner burde ha mest å seie i denne diskusjonen?
  3. Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgjande punkt:
  • Kvar går grensa for når ein kan snakke om liv hos fosteret?
  • Når bør fosteret reknast som eit menneske med same rett til vern som deg sjølv: rett etter befruktinga, etter 2, 3 eller 4 månader, eller seinare?
  • Kva trur du var årsaka til at sjølvbestemt abort var forbode i Noreg heilt fram til 1978? Kvifor trur du lova blei oppheva?
  • Abort-debatten handlar særleg om to ulike prinsipp sett opp mot kvarandre: fosteret sin rett til liv og kvinna sin rett til å bestemme over eigen kropp. Kva for eitt av desse to prinsippa er viktigast, og kvifor?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling