Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvar går grensene for genredigering?

I 2012 blei det utvikla ein teknologi som gjer det enklare og billegare å endre og redigere gen. Teknologien blir kalla CRISPR (Clustered Regularly Interspaced Short Palendromic Repeats), og metoden har gjort det mogleg for oss å lage “designarbabyar”.
DNA som blir klipt opp i ei petriskål. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar går grensa for genredigering?

Ny teknologi har gjort det mogleg å endre genane våre og designe barn med ulike eigenskapar. I denne oppgåva skal du kategorisere kva eigenskapar du meiner det kan vere etisk rett og gale å endre på.

Før du gjer oppgåva, kan du gjerne sjå dei første fem minutta av ein Ted-talk-video, der forskar i biologi, Paul Knoepfler, fortel om korleis CRISPR-teknologien kan endre framtida vår. Du kan velje norsk undertekst for videoen.

Ted.com: The ethical dilemma of designar babies


CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling