Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kyborgar: Mennesket 2.0

Ein kyborg er eit vesen med både teknologiske og biologiske delar. I framtida vil vi i aukande grad få moglegheit til å plassere teknologi inn i kroppen. Kva for etiske utfordringar stiller denne utviklinga oss overfor, og korleis vil ho kunne påverke menneskesynet vårt?

Oppgåve 1. Menneske versus maskinar

Diskuter med ein medelev før du ser filmen

  1. Kva er det som først og fremst gjer oss til menneske?

  2. Kva er det som skil menneske frå robotar?

Oppgåve 2. Kyborgane kjem

Sjå filmen og diskuter

  1. Er det eigentleg nokon forskjell på eit menneske som bruker ein datamaskin til å finne informasjon og eit menneske som er kopla direkte til datamaskinen?

  2. Kva er bodyhacking? Gi nokre døme på bodyhacking som vi bruker i dag.

  3. Kva er fordelane med å plassere teknologi inn i kroppen? Gi konkrete døme.

  4. Kva er farane ved å plassere teknologi inn i kroppen? Gi konkrete døme.

  5. I filmen seier Henrik Skaug Sætra at "når vi knyter oss til maskinar, vil vi i aukande grad sjå på oss sjølv som maskinar og på maskiner som meir menneskelege". Diskuter denne påstanden. Er du einig eller ueinig?

  6. Målet for mange av dei som konstruerer robotar, er å lage dei mest mogleg sjølvstyrte og autonome. Burde sjølvstyrte robotar nokon gong i framtida få lov til å bestemme over sitt eige liv?

  7. Kan robotar nokon gong få same verdigheit og menneskeverd som oss? Kvifor? Kvifor ikkje?

  8. Burde menneske i framtida ha ein rett til å ikkje plassere teknologi i kroppen? Viss vi får ein slik rett, burde dei som ikkje plasserer teknologi i kroppen, ha same moglegheiter som alle andre?

Oppgåve 3. Kva burde det vere lov å gjere?

Oppgåve 4. Fordjuping

Vel to ulike etiske modellar. Bruk dei etiske modellane til å diskutere når det kan vere etisk rett og gale å plassere ny teknologi inn i kroppen.

Fagstoff om etiske modellar

Artikkel: Pliktetikk

Artikkel: Konsekvensetikk

Artikkel: Dydsetikk

Artikkel: Omsorgsetikk

Artikkel: Diskursetikk

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling