Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkastoppgåve: Genteknologi –moglegheiter og truslar

Framstega innanfor bioteknologi og genteknologien gir oss ei rekkje nye moglegheiter. Lytt til ein podkast med biolog Sigrid Bratlie og reflekter over dei etiske utfordringane den nye teknologien stiller oss overfor.
Menneske, celle og DNA som blir klipt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten

  1. Kva meiner du er fordelane og ulempene med genteknologi?

  2. Kva for etiske dilemma og utfordringar trur du genteknologien kan skape?

Oppgåve 2. Nøkkelord og refleksjonsnotat

Skriv nøkkelord mens du lyttar til podkasten og bruk dei til å skrive eit kort refleksjonsnotat. Under podkasten finn du eit digitalt skjema du kan bruke.

Illustrasjon som viser silhuettane av mann og kvinne saman med mange DNA-molekyl.

Genteknologi til glede for alle?

Korleis kan genteknologien brukast til glede for alle?

0:00
-0:00

Oppgåve 3. Bioteknologi og genredigering

  1. Korleis kan genteknologi hjelpe menneske som har ulike arvelege sjukdommar?

  2. På kva måtar kan genteknologi brukast til å endre menneskelege eigenskapar i framtida?

  3. Viss det blir mogleg for to kvinner eller to menn å få barn saman ved hjelp av genteknologi, korleis trur du det vil endre synet vårt på kjønn?

  4. Kva er mest moralsk rett? Å ete dyr som er slakta eller kjøtt som er dyrka fram ved hjelp av bioteknologi? Grunngi svaret.

  5. Diskuter om vi burde leggje inn informasjon om gena våre i datingappar. Kva er eventuelt fordelane og ulempene med at datingappar har slik informasjon?

  6. Reflekter over kva for etiske utfordringar genteknologien stiller oss overfor. Kva er dei største truslane mot menneskeverdet, meiner du?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Menneskeverd og teknologisk utvikling