Ei bra russetid
Diskuter med ein medelev:
Kva er det du ser mest fram til med russetida?
Kva er dei største utfordringane med russetida?
Sjå filmen og svar på oppgåvene.
Kva er det beste med russetida, ifølge jentene?
På kva måtar kan rusmiddel bidra til å øydelegge russefeiringa?
Kva skal du gjere viss du oppdagar at nokon er tilsynelatande bevisstlause?
Kva tips har jentene til ei god russetid?
Les tipsa til RUSinfo om russetida nedanfor. Kva for nokre av tipsa meiner du det er viktigast å følge? Grunngi svaret.
Kva meiner du er det viktigaste du kan gjere for at du sjølv og andre skal få ei så bra russetid som mogleg? Skriv ned tre konkrete forslag.
Russen får ofte mykje omtale i media. I denne oppgåva skal du finne ein medieartikkel om russen og reflektere over han.
Finn eit oppslag i ei avis eller på nett som handlar om russen. Beskriv kort kva saka gjeld.
Framstiller saka russen som noko positivt eller noko negativt? Grunngi svaret.
I kva grad gir mediesaka eit rett bilete av russen?
Viss saka du har valt framstiller russen på ein negativ måte, kan du reflektere over korleis russen kan unngå slike saker. Viss saka framstiller dei på ein positiv måte, kan du reflektere over korleis russen kan bidra på ein god måte i samfunnet.
Når de er ferdige med oppgåvene, kan de presentere for kvarandre kva de har funne ut. Diskuter til slutt i plenum kva slags inntrykk vi får av russen gjennom media, og kva russen kan gjere for å få ein betre image.
Denne oppgåva er skriven i samarbeid med RUSinfo.