Kva skjer når du drikk alkohol?
Test deg sjølv. Kva veit du eigentleg om alkohol?
Test deg sjølv. Kva veit du om promille og promillegrenser?
Test ut kor mykje du eller andre kan få i promille når de drikk alkohol. Bruk Promillekalkulatoren på Av–og–til til å svare på spørsmåla under.
Du kan òg bruke formelen i tekstboksen nedst i oppgåva til å svare på spørsmåla.
Ta utgangspunkt i kor mykje du trur ein vanleg ungdom på staden du bur, drikk på ein fest. Kor høg promille vil denne personen få i løpet av ein kveld?
Ta utgangspunkt i ungdommen du brukte i svaret over. Kor mykje høgare promille ville denne ungdommen fått viss hen i tillegg drakk 3–4 shottar i løpet av ein time på festen?
Kva effektar ville promillen til ungdommen ha, ifølge promillekalkulatoren?
Kor mykje alkohol kan ungdommen drikke viss hen har "ein "lykkepromille" på mellom 0,5 og 0,8 og ønsker å bevare denne promillen i løpet av ein fest som varer frå 20.00 til 02.00?
Diskuter i grupper:
Kor mykje alkohol kan du drikke på fest for å få ei god oppleving?
Kva kan skje viss du får for høg promille?
Kva kan du gjere for å ikkje få for høg promille på fest?
Kva kan de gjere saman for at nokon ikkje skal drikke for mykje og få for høg promille på fest?
Denne oppgåva er skriven i samarbeid med Rusinfo.