Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis verkar alkohol?

Mange ungdommar prøver alkohol for første gong i løpet av vidaregåande. Det kan vere lurt å vite korleis alkohol i ulike mengder kan påverke deg, dersom du skulle prøve det.

Korleis verkar alkohol?

Alkohol er eigentleg eit samleomgrep for fleire ulike kjemiske stoff. Den alkoholen som kan drikkast, blir kalla etanol. Dersom du drikk alkohol, vil etanolen først bli teken opp i slimhinnene i tynntarmen og magesekken din. Deretter blir han teken opp i blodet og ført rundt i resten av kroppen.

Alkohol påverkar hjernecellene våre på fleire ulike måtar. Han påverkar mellom anna påskjønningssenteret i hjernen. Ved å frigjere "lykkestoff" som dopamin og endorfin vil alkoholen gi ei auka kjensle av lykke, velvære og det å kjenne seg oppstemd hos den som drikk. Dette er ein av grunnane til at mange får lyst til å drikke helg etter helg. Alkohol har òg ein bedøvande effekt. Du kan bli mindre kjenslevar overfor smerte. Viss du drikk mykje, kan det til dømes hende at du ikkje oppdagar at du har skadd deg før dagen etter.

Alkohol svekker òg minnet og evna til å lære og forstå ulike samanhengar. Du blir mindre kritisk, har vanskelegare for å tolke sosiale signal frå dei rundt deg og får dårlegare kroppskoordinasjon og balanse. Alkohol vil òg føre til auka impulsivitet, og det er ein klar samanheng mellom bruken av alkohol og vald, ulykker og overgrep. Drikk du store mengder alkohol, kan du få pustestans eller bli bevisstlaus. Langvarig bruk av alkohol fører òg til auka risiko for ei lang rekke sjukdommar og skadar.

Promille

Vi bruker promille for å måle kor mykje alkohol nokon har i kroppen. Promille seier oss kor mykje alkohol ein person har i blodet, og jo meir alkohol du drikk, jo høgare promille får du. Viss du har 1 i promille, har du cirka 1 gram rein alkohol per liter blod i kroppen. Grensa for å køyre bil i Noreg er 0,2 i promille. Ein promille på over 3 kan vere dødeleg, så det er sjeldan nokon har ein promille som er så høg.

Det finst ikkje noko fasitsvar på kor høg promille du vil få når du drikk ei viss mengde alkohol. To personar kan drikke like mykje og få ulik promille. Kor høg promille du får, vil mellom anna kunne avhenge av kroppsvekt, kjønn, feittprosenten til kroppen, og kor rask forbrenning du har.

Det er òg fleire faktorar som er med å påverke kor raskt alkoholen du drikk, blir teken opp i blodet og spreidd rundt i kroppen. Viss du til dømes drikk på tom mage, eller drikk alkohol med kolsyre – som rusbrus og sjampanje – vil alkoholen påverke deg raskare. Viss du ikkje har ete noko før du begynner å drikke, vil du til dømes bli raskare full og lettare kunne miste kontrollen.

Slik blir promille berekna

Når vi skal berekne promillen, må vi ta omsyn til kjønn, kroppsvekt, mengde alkohol, og kor lang tid ein person bruker på å drikke.

Oslo universitetssjukehus har laga ein formel for å berekne alkoholpromille, der vi bruker desse symbola:

  • mA: mengde alkohol målt i gram

  • mB: kroppsvekt målt i kg

  • t: talet på timar frå drikkestart

  • p: promille

Kvinner:

  • p=mAmB·0,6-0,15·t

Formelen seier at vi skal ta mengda alkohol, dele på 60 prosent av kroppsvekta og trekke frå talet på timar frå drikkestart multiplisert med 0,15.

Menn:

  • p=mAmB·0,7-0,15·t

Viss ein mann på 80 kg til dømes drikk 6 flasker øl på 0,33 liter (tilsvarerande 12 gram alkohol per flaske) på fire timar, og vi skal rekne ut promillen hans etter fem timar, vil reknestykket sjå slik ut:

p=6·1280·0,7-0,15·5=0,54

Mannen vil då ha ein promille på omtrent 0,5.

Når vi reknar med ulike alkoholmengder, er det vanleg å operere med alkoholeiningar som svarer til cirka 12 gram alkohol. Her er nokre døme på alkoholeiningar som alle inneheld omtrent 12 gram alkohol:

  • ei flaske øl (0,33 l) på 4,5 vol %

  • eit glas vin (0,125 l) på 12 vol %

  • eit lite glas sterkvin (0,075 l) på 20 %

  • eit shotglas med brennevin (0,004 l) på 40 %

NB! Hugs at denne formelen for å berekne alkoholpromille er basert på eit gjennomsnitt av befolkninga. Du kan derfor ikkje stole på at denne berekningsmåten vil gi eit heilt nøyaktig resultat for deg sjølv viss du drikk alkohol.

Her kan du lese meir om korleis du bereknar promille:

Oslo universitetssykehus: Alkoholpromille – eksempler på beregning

Kan du gjere noko for å redusere promillen?

Det er lite du kan gjere for å bli edru raskare og auke forbrenninga av alkohol. Det hjelper verken å trene, drikke kaffi eller ta bastu. Gjennomsnittleg søkk promillen med 0,15. Det du kan gjere for å få mindre promille, er derfor å vente og ta tida til hjelp.

Korleis blir du påverka av alkohol?

Korleis alkoholen påverkar oss, vil variere frå person til person, men det finst nokre generelle tendensar. Det er som regel ein klar samanheng mellom kor mykje du drikk, og korleis alkoholen verkar på deg.

Opptil 0,5 i promille

Du vil ofte kunne kjenne deg lett påverka og kan få godt humør. Alkoholen vil òg kunne forsterke det humøret du allereie er i, så viss du allereie er trist, kan du bli endå tristare.

Du vil ofte bli mindre kritisk og meir impulsiv og kan få auka sjølvtillit og mindre sosial angst. Alkoholen vil gjere det vanskelegare å konsentrere seg, og du kan oppleve omgivnadene dårlegare.

Mellom 0,5 og 1 i promille

Du vil oppleve at du er meir påverka, men kan framleis vere i godt humør og oppleve rusen som noko positivt. Samtidig vil du både tenke og reagere saktare.

Du vil bli endå meir kritikklaus og risikovillig, og både vurderingsevna og koordinasjonsevna di blir ytterlegare redusert.

Lykkepromillen?

Dei aller fleste synest det er ubehageleg å bli for fulle og får den beste opplevinga etter nokre få glas alkohol.

Den promillen som opplevast mest behageleg for dei aller fleste, ligg mellom 0,5 og 0,8. Somme kallar det for "lykkepromillen". For å få denne promillen held det vanlegvis å drikke to eller tre flasker øl eller to eller tre små glas med vin.

Det er fleire ting du kan gjere for unngå høg promille og ubehagelege konsekvensar av for mykje alkohol. Det er lurt å planlegge på førehand at du ikkje skal drikke for mykje. Hugs å ete før du drikk, drikk sakte, unngå sprit og shots og ta pausar frå alkoholen innimellom då du berre drikk vatn eller brus.

Mellom 1 og 1,5 i promille

Du får dårlegare kroppskontroll og balanse. Reaksjonstida di blir auka, og du kan bli sløv og trøytt og oppleve at du blir kvalm.

Du vil òg kunne bli meir kjenslemessig ustabil og få problem med minnet. Somme vil òg kunne begynne å snøvle og bevege seg meir sjanglete.

Jente på fest er dårleg og kastar opp i toalettet. Nokon hjelper henne og held håret hennar bakover. Foto.

Mellom 1,5 og 2,0 i promille

Du får endå dårlegare motorikk. Du snakkar snøvlete og sjanglar og vil ofte kunne oppleve at du blir trøytt og kvalm og må kaste opp. Ein fare ved å legge seg til å sove på stigande rus er at du kan kaste opp i søvne og bli kvelt.

Du vil òg få problem med minnet og kan oppleve blackout, slik at du ikkje hugsar noko frå det som skjer. Det er ein samanheng mellom blackout og kor raskt du drikk. Viss du drikk raskt, og til dømes shottar sprit, vil sjansane for blackout auke.

Over 2.0 i promille

Du får endå dårlegare kontroll over kroppen din og over kva du seier og kva du gjer. Pusten kan bli ustabil, og du kan miste kontroll over urinblæra og tisse på deg. Du vil få store problem med minnet og kan falle i søvn eller miste bevisstheita.

For høg promille kan vere livsfarleg. Du kan få alkoholforgifting, bli bevisstlaus og miste kontrollen over pustesenteret. I verste fall kan alkoholforgiftinga føre til at du døyr. Det er derfor svært viktig at du ringer 113 og ber om hjelp viss du mistenker at nokon har drukke for mykje alkohol.

Kva gjer du viss nokon kollapsar av alkohol?

For høg promille kan i verste fall vere dødeleg. Viss du er bekymra for nokon, kan du sjå etter desse teikna:

  • Er personen bevisstlaus?

  • Lar ikkje vedkommande seg vekke?

  • Pustar personen dårleg?

  • Har personen tissa på seg?

  • Har personen teke andre rusmiddel enn alkohol?

  • Har personen hovudskadar?

Viss du kan svare ja på nokre av desse spørsmåla, må du ringe 113 og be om hjelp. Hugs at det er betre å ringe ein gong for mykje enn ein gong for lite.

To jenter på fest slåst i ein sofa. Det er flasker med alkohol i nærleiken. Foto.

Vald og utagerande åtferd

Det er ein klar samanheng mellom bruken av alkohol og ulykker, vald og seksuelle overgrep, og det er mange ulike årsaker til desse samanhengane. Alkoholen kan til dømes gjere deg meir aggressiv og dårlegare i stand til å vurdere sosiale situasjonar, noko som kan gjere at du lettare hamnar i ein slåstkamp.

Når du drikk, blir du òg meir impulsiv, mindre kritisk og får dårlegare kroppskontroll. Det er derfor auka sjanse for at du hamnar i ei ulykke. Forventningane til korleis du skal oppføre deg kan endre seg når du drikk saman med venner. Derfor kan det òg vere at du gjer noko du elles aldri ville ha gjort.

Det er òg auka sjanse for at du kan få varige fysiske skadar eller bli offer for seksuelle overgrep når du drikk. Fleire opplever òg at dei sjølv gjer seksuelle handlingar som dei angrar på i ettertid.

Drikkevit

Kva kan du gjere for å få ei god oppleving av alkohol? Det kan vere lett å drikke for mykje eller skade seg sjølv og andre når du drikk. RUSinfo har derfor laga nokre tips til korleis du kan få ei betre oppleving og unngå skadeverknader.

Drikkevitreglane
  1. Planlegg før du skal ut og drikke: Tenk gjennom kor mykje du vil drikke og kva du vil drikke, og forsøk å halde deg til det!

  2. Avgrens inntaket av brennevin\sprit. Dropp shotting!

  3. Et godt før du drikk og ikkje drikk på tom mage. Drikk du på tom mage, aukar risikoen for å miste kontrollen.

  4. Ikkje drikk for fort! Ta eit glas vatn, jus, eller anna alkoholfri drikke mellom kvar eining alkohol du drikk.

  5. Bruk erfaringane dine! Vi er alle ulike og toler ulike mengder alkohol.

  6. Hugs at kvinner vanlegvis toler mindre alkohol enn menn.

  7. Ikkje gå åleine, men avtal på førehand med ein venn. Kjenner du at du blir så rusa at du vil ha problem med å ta vare på deg sjølv, er det greitt å vite at nokon held eit auge med deg og eventuelt følger deg trygt heim.

  8. Det er inga skam å tole minst! Ikkje la deg bli riven med i konkurransen om å tole mest.

  9. Vis respekt for alkohol og verknaden av alkoholen. Vald, aggresjon, hemningslaus åtferd og ulykker skjer ofte i rusa tilstand.

  10. Ver rusta til å tole alkohol. Er du sjuk, stressa, har sove dårleg eller bruker medisinar, toler du mindre alkohol enn når du er frisk og utkvilt.

  11. Set deg eit langsiktig mål. Kanskje du vil ha ein kvit månad? Får du det ikkje til den første gongen, prøv igjen!

  12. Lytt til erfarne folk. Har du spørsmål, kontakt RUSinfo på telefon 915 08588, chat med dei eller send dei spørsmål på heimesida deira.

Kjelde:

RUSinfo. (u.å.). Drikkevettregelene. Henta 26. januar 2024 frå https://rusinfo.no[-om-rusmiddel\fakta-om-alkohol\drikkevitreglane\

Ung mann sit på senga i underbuksa og held seg på hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakrus

Mange kan kjenne seg uvel og nedstemde dagen etter at dei har drukke. Du kan oppleve hovudverk, vere kvalm og uvel. Du kan òg oppleve uro over kva du har sagt og gjort når du var rusa. Sidan alkohol svekker minnet, kan du ha vanskar for å hugse alt som skjedde dagen før.

Det er fleire årsaker til bakrus. Når du drikk, venner hjernen seg til alkoholen. Når du sluttar å drikke, må hjernen klare seg utan alkohol. Dette er vanskeleg og fører til ein fysisk som skaper ubehag. Noko av bakrusen kan òg komme av dehydrering og søvnmangel. Alkohol er vassdrivande og kan føre til dårlegare søvn. Somme vil òg kunne reagere negativt på tilsetningnsstoff i alkoholhaldige drikkevarer og få auka ubehag på grunn av det.

Korleis unngå bakrus?

  • Drikk mindre.

  • Drikk vatn eller noko anna alkoholfritt ved sida av for å unngå at kroppen blir dehydrert.

  • Et mat mens du drikk.

  • Ikkje legg deg til å sove på stigande rus. Unngår du det, aukar du sjansen for å sove betre.

Skadeverknader av alkohol

Alkohol har ei rekke skadeverknader, og nyare forsking har vist at sjølv litt alkohol kan vere skadeleg.

På kort sikt fører alkohol til at du aukar risikoen for å bli utsett for vald og ulykker. Viss du drikk for mykje, risikerer du òg å bli alkoholforgifta og hemme pustesenteret i hjernen.

På lengre sikt vil bruken av alkohol auke risikoen for ei lang rekke sjukdommar som kreft, hjerneslag, leversjukdommar og høgt blodtrykk. Viss du drikk for mykje og for ofte, risikerer du òg å bli avhengig.

Alkohol vil òg svekke effekten du har av trening og fysisk aktivitet. Viss du drikk etter at du har trent, vil kroppen bruke lenger tid på å erstatte væsketapet. Du vil prestere dårlegare dagen etter at du har drukke, og på lengre sikt vil alkoholen føre til at du får dårlegare utbytte av trening.

Denne artikkelen er skriven i samarbeid med RUSinfo.

Kjelder

Av-og-til. (2021, 10. juli). Slik er alkohol sin påvirkning på kroppen. https://avogtil.no/fakta/alkohol-virkning-kroppen/

Helsedirektoratet. (2022, 21. september). Dette skjer i kroppen når du drikker alkohol. https://www.helsenorge.no/alkohol/alkoholens-virkning-pa-kroppen/

Oslo Universitetssykehus. (2023, 4. august). Alkoholpromille - eksempler på beregning. https://oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-og-regionale-tjenester/rettsmedisinske-fag/alkohol-og-rusmidler/alkoholpromille-eksempler-pa-beregning

Oslo Universitetssykehus. (2017, 8. januar). Virkninger av alkohol på sentralnervesystemet og kroppen forøvrig. https://oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-og-regionale-tjenester/rettsmedisinske-fag/alkohol-og-rusmidler/virkninger-av-alkohol-pa-sentralnervesystemet-og-kroppen-forovrig

Pedersen, W. (2015). Bittersøtt. Nye perspektiv på rus og rusmidler. (3. utg.) Universitetsforlaget.

RUSinfo. (u.å.). Drikkevettregelene. Hentet 26. januar 2024 fra https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler/fakta-om-alkohol/drikkevettreglene/

RUSinfo. (u.å.). Virkninger og bivirkninger av alkohol. Hentet 26. januar 2024 fra https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler/fakta-om-alkohol/virkninger-bivirkniner-alkohol/

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2023

Læringsressursar

Rus