Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer når du drikk alkohol?

Det finst mange mytar om alkohol. Kva skjer eigentleg når du drikk, og korleis kan alkohol påverke deg og dei rundt deg på fest?

Oppgåve 1. Alkoholkvissen

Test deg sjølv. Kva veit du eigentleg om alkohol?

Oppgåve 2. Kva veit du om promille?

Test deg sjølv. Kva veit du om promille og promillegrenser?

Oppgåve 3. Promillekalkulator

Test ut kor mykje du eller andre kan få i promille når de drikk alkohol. Bruk Promillekalkulatoren på Av–og–til til å svare på spørsmåla under.

Du kan òg bruke formelen i tekstboksen nedst i oppgåva til å svare på spørsmåla.

  1. Ta utgangspunkt i kor mykje du trur ein vanleg ungdom på staden du bur, drikk på ein fest. Kor høg promille vil denne personen få i løpet av ein kveld?

  2. Ta utgangspunkt i ungdommen du brukte i svaret over. Kor mykje høgare promille ville denne ungdommen fått viss hen i tillegg drakk 3–4 shottar i løpet av ein time på festen?

  3. Kva effektar ville promillen til ungdommen ha, ifølge promillekalkulatoren?

  4. Kor mykje alkohol kan ungdommen drikke viss hen har "ein "lykkepromille" på mellom 0,5 og 0,8 og ønsker å bevare denne promillen i løpet av ein fest som varer frå 20.00 til 02.00?

Diskuter i grupper:

  • Kor mykje alkohol kan du drikke på fest for å få ei god oppleving?

  • Kva kan skje viss du får for høg promille?

  • Kva kan du gjere for å ikkje få for høg promille på fest?

  • Kva kan de gjere saman for at nokon ikkje skal drikke for mykje og få for høg promille på fest?

Korleis rekne ut promille?

Når vi skal berekne promillen, må vi ta omsyn til kjønn, kroppsvekt, mengde alkohol og kor lang tid du bruker på drikke.

Oslo universitetssykehus har laga ein formel for å berekne alkoholpromille, der vi bruker desse symbola:

  • mA: mengde alkohol målt i gram

  • mB: kroppsvekt målt i kg

  • t: talet på timar frå drikkestart

  • p: promille

Kvinner:

  • p=mAmB·0,6-0,15·t

Formelen seier at vi skal ta mengda alkohol, dele på 60 prosent av kroppsvekta og trekke frå talet på timar frå drikkestart multiplisert med 0,15.

Menn:

  • p=mAmB·0,7-0,15·t

Viss ein mann på 80 kg til dømes drikk 6 flasker øl på 0,33 liter (tilsvararende 12 gram alkohol pr. flaske) på fire timar, og vi skal rekne ut promillen hans etter fem timar, vil reknestykket sjå slik ut:

p=6·1280·0,7-0,15·5=0,54

Mannen vil då ha ein promille på omtrent 0,5.

Når vi reknar med ulike alkoholmengder, er det vanleg å operere med alkoholeiningar som svarer til ca. 12 gram alkohol. Her er nokre døme på alkoholeiningar som alle inneheld omtrent 12 gram alkohol:

  • ei flaske øl (0,33 l) på 4,5 vol %

  • eit glas vin (0,125 l) på 12 vol %

  • eit lite glas sterkvin (0,075 l) på 20 %

  • eit shotglas med brennevin (0,004 l) på 40 %

NB! Hugs at denne formelen for å berekne alkoholpromille er basert på eit gjennomsnitt av befolkninga. Du kan derfor ikkje stole på at denne berekningsmåten vil gi eit heilt nøyaktig resultat for deg sjølv viss du drikk alkohol.

Her kan du lese meir om korleis du bereknar promille:

Oslo universitetssykehus: Alkoholpromille – eksempel på beregning

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med Rusinfo.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen .
Sist fagleg oppdatert 22.09.2023

Læringsressursar

Rus