Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-NC-SA

For ein del russ er russetida ei anledning til å ruse seg. I russetida drikk ungdommane meir enn dei pleier, og somme prøver ulovlege rusmiddel.

Før russetida kan det derfor vere lurt å lære litt meir om rus, og korleis rusmiddel eigentleg verkar. I denne læringsstien skal du

  • få kunnskap om korleis rusmiddel verkar med spesiell fokus på alkohol
  • reflektere over samanhengen mellom russ og rus, og korleis du kan bli påverka av rusmiddel
  • utforske kva konsekvensar rusmiddelbruk kan få
  • diskutere korleis du kan få ei god russetid og unngå skadeverknader av rusmiddel

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet rus i russetida.

Læringsstien er laga i samarbeid med RUSinfo, som er ei offentleg informasjonsteneste om rusmiddel.