Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ei bra russetid

For mange er russetida ei morosam oppleving, men ho kan òg by på fleire ulike utfordringar. Diskuter kva utfordringar russen møter på, og korleis dei sjølv best kan løyse dei.

Oppgåve 1. Russetid

Diskuter med ein medelev:

  1. Kva er det du ser mest fram til med russetida?

  2. Kva er dei største utfordringane med russetida?

Oppgåve 2. Bra russetid

Sjå filmen og svar på oppgåvene.

  1. Kva er det beste med russetida, ifølge jentene?

  2. På kva måtar kan rusmiddel bidra til å øydelegge russefeiringa?

  3. Kva skal du gjere viss du oppdagar at nokon er tilsynelatande bevisstlause?

  4. Kva tips har jentene til ei god russetid?

  5. Les tipsa til RUSinfo om russetida nedanfor. Kva for nokre av tipsa meiner du det er viktigast å følge? Grunngi svaret.

  6. Kva meiner du er det viktigaste du kan gjere for at du sjølv og andre skal få ei så bra russetid som mogleg? Skriv ned tre konkrete forslag.

Tips frå RUSinfo til ei god russetid

Det er mange som har ei fin russetid utan å bruke rusmiddel. All bruk av rusmiddel har skadelege effektar og inneber ein viss risiko. Viss du likevel vel å bruke rusmiddel, har RUSinfo laga nokre tips til kva som kan bidra til å redusere risikoen for skadeverknader:

  1. Hugs at nokre rusmiddel treng tid for å gi ein verknad. Vent og ikkje ta meir av rusmiddelet før du merkar korleis det verkar.

  2. Hugs at du raskt kan bli dårleg viss du blandar rusmiddel eller overdriv bruken.

  3. Ikkje ta eit rusmiddel du ikkje veit kva inneheld.

  4. Hugs at nokre rusmiddel og rusmiddelblandingar kan gi overdose. Finn ut kva stoff det er og unngå dei.

  5. Spis og drikk noko alkoholfritt jamleg. Nok mat og væske reduserer risikoen for å bli sjuk og kan auke toleransen for rus.

  6. Pass på kvarandre. Hald deg saman med nokon du kjenner som kan hjelpe deg viss noko skulle skje.

  7. Ikkje ver redd for å ringe 113 etter hjelp. Det er mykje betre å ringe éin gong for mykje enn éin gong for lite. Hugs at helsepersonell har teiingsplikt.

Oppgåve 3. Russen i media

Russen får ofte mykje omtale i media. I denne oppgåva skal du finne ein medieartikkel om russen og reflektere over han.

  1. Finn eit oppslag i ei avis eller på nett som handlar om russen. Beskriv kort kva saka gjeld.

  2. Framstiller saka russen som noko positivt eller noko negativt? Grunngi svaret.

  3. I kva grad gir mediesaka eit rett bilete av russen?

  4. Viss saka du har valt framstiller russen på ein negativ måte, kan du reflektere over korleis russen kan unngå slike saker. Viss saka framstiller dei på ein positiv måte, kan du reflektere over korleis russen kan bidra på ein god måte i samfunnet.

Når de er ferdige med oppgåvene, kan de presentere for kvarandre kva de har funne ut. Diskuter til slutt i plenum kva slags inntrykk vi får av russen gjennom media, og kva russen kan gjere for å få ein betre image.

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med RUSinfo.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023

Læringsressursar

Rus