Introduksjon
CC BY-NC-SA 4.0Det finst mange ulike rusmiddel, og det kan vere mange ulike årsaker til at nokon vel å bruke dei. I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om kvifor nokon bruker rusmiddel, og korleis ulike rusmiddel verkar
- reflektere over kvifor nokon vel å ruse seg
- utforske omfanget av rusmiddelbruk nasjonalt og lokalt
- diskutere årsaker til rusmiddelbruk, og kva ein kan gjere for å hindre skadeverknader av rusmiddel
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet rus.
Læringsstien er laga i samarbeid med Rusinfo, som er ei offentleg informasjonsteneste om rusmiddel.