Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Rus

Fagartikkel

Årsaker til rusmiddelbruk

I løpet av ungdomstida kjem mange i kontakt med rusmiddel for første gong. Det finst mange ulike rusmiddel, og bruken av dei går langt tilbake i historia. Kva er dei viktigaste årsakene til at nokon vel å ruse seg?

Kvifor rus?

Det finst mange ulike årsaker til at ungdommar bruker lovlege og ulovlege rusmiddel. Nokre av årsakene er knytte til fysiologiske faktorar – korleis rusmidla verkar på kroppen. Andre årsaker har å gjere med sosiale faktorar som venner, familie og det sosiale miljøet ungdommane er ein del av.

Det rusmiddelet dei aller fleste ungdommane vel å prøve, er alkohol. Mange ungdommar prøver alkohol for første gong i løpet av vidaregåande, og bruken toppar seg i russetida. Blant dei ulovlege rusmidla er cannabis det vanlegaste, men det er berre eit lite mindretal som bruker det. Det er også mange ungdommar som vel ikkje å prøve rusmiddel. Dei siste 20 åra har til dømes alkoholbruken blant ungdom gått ned, og norske ungdommar drikk mindre alkohol enn ungdommar i dei aller fleste andre landa i Europa.

Fysiologiske faktorar

Mange unge som prøver eit rusmiddel for første gong, er nysgjerrige på korleis det verkar. Alle rusmiddel er kjemiske stoff som påverkar hjernen reint fysisk. Vi kan grovt skilje mellom tre ulike former for rusmiddel avhengig av korleis dei verkar:

  • Dempande rusmiddel, som alkohol, cannabis og heroin, har ein sløvande effekt som gjer deg treig og søvnig.

  • Stimulerande rusmiddel, som kokain og amfetamin, har ein oppkvikkande effekt.

  • Hallusinogene rusmiddel, som LSD og fleinsopp, forandrar bevisstheita og måten du oppfattar omgivnadene på.

Nokre stoff kan ha ulike verknader. Alkohol har hovudsakleg ein dempande verknad, men vil i mindre mengder kunne gjere deg meir impulsiv og mindre kritisk. Cannabis kan til liks med alkohol ha ein dempande og avslappande verknad, men kan i tillegg ha hallusinogen effekt.

Hjernen sitt påskjønningssystem

Eit fellestrekk ved alle rusmiddel er at dei påverkar hjernen sitt påskjønningssystem. Alkohol frigjer til dømes dopamin i hjernen. Dopamin er ein nevrotransmitter som gir ei oppleving av auka velvære og tilfredsheit. Når effekten av alkoholen forsvinn, og hjernen ikkje får den same påskjønninga som tidlegare, kan det likevel føre til at du blir trist og nedstemd. Då kan du få lyst til å ruse deg på nytt for å få tilbake den gode kjensla. Men fordi kroppen din etter kvart blir vand med rusmiddelet, må du bruke meir for å oppnå same effekt.

Velvære, impulsivitet og dømmekraft

Alkohol vil ikkje berre kunne gi ei oppleving av velvære og godt humør. Alkohol påverkar også dømmekrafta og fører til auka impulsivitet. Dette gjer at nokre ungdommar opplever at det er lettare å ta kontakt med andre og snakke med dei når dei drikk. Samtidig kan det lettare oppstå misforståingar og valdshendingar. Alkohol svekker også konsentrasjonsevna og merksemda. Han kan verke avslappande og roande, samtidig som han til dømes svekker evna til å køyre bil.

Ungdomshjernen

Korleis rusmiddel verkar, kan variere frå person til person. Rusmiddel kan også påverke ungdom på ein annan måte enn vaksne. I ungdomstida er hjernen framleis i endring, og rusmiddel kan i veldig stor grad aktivere og påverke påskjønningssenteret i hjernen.

Den delen av hjernen som vurderer konsekvensar, er heller ikkje ferdig utvikla hos ungdommar. Det kan føre til at ungdommar lettare tek risikable val og til dømes prøver ulovlege rusmiddel. Det kan også føre til at ungdom i mindre grad klarer å kontrollere trongen til å bruke rusmiddel når dei først har starta med å ruse seg. Sidan hjernen til ungdommar framleis er i utvikling, kan også bruken av rusmiddel skade hjernen deira i større grad enn hos vaksne.

Sosiale faktorar

Svært få ungdommar prøver rusmiddel heilt åleine. Dei aller fleste prøver rusmiddel saman med andre. Miljøet og kulturen du er ein del av, kan ha stor innverknad på kva rusmiddel du prøver, og kor ofte du bruker dei.

Overgangar og overskriding

I Noreg og mange andre land blir rusmiddel ofte brukt til å markere ein overgang mellom arbeid og fritid. Det kan til dømes vere at nokon tek ein øl etter arbeidstid eller drikk alkohol på fest i helga. Rusen kan då vere eit brot med det livet vi lever til vanleg. Når vi drikk, synes vi det er greitt å oppføre seg på ein annan måte enn det vi vanlegvis gjer. Rusen blir på denne måten ei mogelegheit til å ta ein "time-out" og sleppa opp på kontrollen saman med andre.

På vidaregåande markerer russetida overgangen mellom 13 års skulegang og det elevane skal gjere vidare, og for mange russ er bruken av rusmiddel ein viktig del av feiringa.

Fellesskap og identitet

Bruken av rusmiddel kan skape ei oppleving av fellesskap, og ein grunn til å bruke rusmiddel kan vere eit ønske om å vere ein del av denne fellesskapen. Ungdommar kan også oppleve press frå venner om å bruke lovlege og ulovlege rusmiddel. Dette presset kan vere heilt konkret, men det kan også vere basert på våre eigne førestillingar. Mange ungdommar trur at andre bruker meir rusmiddel enn det dei faktisk gjer.

Majoritetsmyten

Fleire undersøkingar viser at ungdommar ofte trur at jamaldringane deira bruker meir rusmiddel enn det dei faktisk gjer. Dette blir kalla majoritetsmyten. Kvifor trur du at denne rusmiddelmyten så ofte oppstår blant unge?

Rusmiddel kan også vere ein del av identiteten til ungdommar. Bruken seier noko om kven ungdommane er eller vil vere. Det kan igjen vere påverka av musikken, filmane og media dei liker. Innanfor visse musikksjangrar blir til dømes bruken av cannabis framstilt på ein positiv måte, og bruken av hasj og marihuana kan bli ein viktig del av identiteten og livsstilen i nokre ungdomsgrupper.

Ruskultur

Miljøet og kulturen vi er ein del av, påverkar ikkje berre bruken av rusmiddel, men også måten vi opplever rusen på, og måten vi oppfører oss på når vi er rusa.

Det kan vere lett å tenke at menneske i ulike kulturar oppfører seg likt når dei er fulle, men det er ikkje tilfelle. I nokre kulturar er det til ein viss grad akseptert å drikke seg full og oppføre seg heilt annleis enn elles. Slik er det til dømes i mange miljø i Noreg. "Fylla har skylda", heiter det. I desse kulturane kan alkohol føre til store endringar i åtferd. Folk blir meir aggressive når dei er fulle, grensene for sex blir flytta, og det er fleire episodar av vald og overgrep.

I kulturar i ein del andre land blir det sett på som skamfullt å verke for rusa, og det blir ikkje akseptert at du oppfører deg annleis når du er full. I slike kulturar vil folk ofte oppføre seg langt meir roleg, kontrollert og vennleg når dei drikk, sjølv om dei har svært høg promille.

Måten vi oppfører oss på når vi er rusa, er derfor noko vi i stor grad lærer av andre. Mange opplever til dømes berre ubehag første gongen dei drikk, og kan bli kvalme viss dei drikk for mykje. Dei må derfor "lære" å oppleve alkoholrusen på den same måten som dei andre i miljøet.

Det vil som regel opplevast heilt annleis å bruke eit rusmiddel saman med andre enn å bruke det heilt åleine. Ungdommar som er saman med andre, tek ofte også langt større sjansar og meir risiko. Det kan derfor ofte vere enklare å tøye grensene for rusmiddel når alle i gjengen gjer dette saman. Samtidig er det å bruke rusmiddel saman med andre norma i samfunnet vårt. Det å bruke rusmiddel heilt åleine kan derfor vere eit faresignal og teikn på problematisk bruk.

Avhengnad

Det er mange ulike årsaker til at nokon blir avhengige av rusmiddel. Ei årsak er at den gjentekne bruken av rusmiddel kan skape bestemde forventningar hos dei som bruker det. Du kjem kanskje i godt humør, eller kroppen din begynner å slappe av lenge før du begynner å drikke fordi hjernen din forventar ein slik effekt. Det kan igjen gjere at du får lyst på alkohol berre du går inn i ein restaurant eller tenker på festen du skal på om nokre timar.

Samtidig som hjernen din utviklar forventningar til rusmiddelet, vil kroppen din også i stadig større grad bli vand med verknaden. Det betyr at du til dømes treng å drikke meir alkohol eller ta større dose narkotika for å oppnå den same effekten som du fekk tidlegare. Når kroppen din blir avhengig av eit rusmiddel, vil du også utvikle abstinensar viss du ikkje får det. Det betyr at du til dømes kan føle deg uvel, oppleve smerter, skjelvingar, uro eller bli slapp utan rusmiddelet.

Gjenteken bruk av rusmiddel vil også kunne svekke den naturlege produksjonen i hjernen av dopamin og dermed gjere det vanskelegare å aktivere hjernen sitt påskjønningssenter. Dette vil igjen kunne føre til auka bruk av rusmiddel. På denne måten vil du som rusavhengig bli fanga i ein vond sirkel der du må bruke stadig meir rusmiddel for å oppnå stadig mindre grad av velvære og tilfredsstilling.

Artikkelen er skriven i samarbeid med Rusinfo.

Kjelder

Arnevik. E.A. (2018, 8. februar). Hvorfor er det farligere for ungdom å ruse seg enn voksne? Blogg.Forskning.no. https://blogg.forskning.no/forskningssykehuset/hvorfor-er-det-farligere-for-ungdom-a-ruse-seg-enn-voksne/1093380

Bakken, A. (2022). Ungdata 2022. Nasjonale resultater (NOVA Rapport 5/22). Velferdsforskningsinstituttet NOVA. https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/11250/3011548/NOVA-rapport-5-2022.pdf?sequence=5&isAllowed=y

Bretteville-Jensen, A.L. & Bachs, L. (2023, 8. mars). Rusmidler. I Store Norske Leksikon. https://sml.snl.no/rusmidler

Christiansen, S.E. (2023, 8. mai). Hasj er ikke greit. Tidsskrift for Den norske legeforening. 10.4045/tidsskr.23.0087. https://tidsskriftet.no/2023/05/kronikk/hasj-er-ikke-greit

Pedersen, W. (2015). Bittersøtt. Nye perspektiv på rus og rusmidler. (3. utg.) Universitetsforlaget.

Skjælaaen, Ø. (2019). Meningen med rus. Res Publica.

Syvertsen, M.R. (2022). Ungdomshjernen. Vill og visjonær. Forstå hvordan det er å være ungdom. Bonnier.

CC BY-SA 4.0Skrive av Karl Henrik Aanesen .
Sist fagleg oppdatert 29.03.2023