Hopp til innhald

Fagstoff

Rusmiddel i russetida

Rusmiddel har lenge vore ein del av russetida. Kvar kjem desse tradisjonane frå? Kvifor bruker russen så mykje rusmiddel, og kva kan russen sjølv gjere for å få ei endå betre russefeiring?

Russetida

I Noreg starta russefeiringa på attenhundretalet som ein fest for nye studentar på Universitet i Oslo. Etter at Noreg blei sjølvstendig i 1905, blei denne feiringa kopla saman med 17. mai og avslutninga av vidaregåande (gymnaset). Avgangselevane i Oslo drakk alkohol openlyst for å provosere fråhaldsrørsla, og dei skapte allereie på starten av nittenhundretalet "skandale" ved å bryte normene og reglane i samfunnet.

Russefeiringa spreidde seg frå Oslo til resten av landet. Russen fekk etter kvart eigne klede, og det blei utvikla ei rekke tradisjonar og ritual som russetog, russedåp og russeknutar. På 1980-og 90-talet kom russebussane. Då flytta russen feiringa rundt frå stad til stad, og russebussane danna grupper på tvers av skular. I staden for å kjenne gruppetilhøyrsel til "skulen eller klassen" sin, blei tilhøyrselen til russen knytt til bussen. Dermed oppstod det konkurranse om status og prestisje mellom ulike russegrupper på eigen skule.

Smilande unge menn i svart dress og unge kvinner i kvite kjolar har russeluer på og viftar med bambusstokkar. Svart\kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kom etter kvart fleire kommersielle aktørar på banen. Dei tente pengar på russen sine feiringar og bidrog til auka kjøpepress. I dag startar enkelte ungdommar planlegginga av russetida så tidleg som på ungdomsskulen og bruker svært mykje pengar på det å vere russ. Dette har skapt ein motreaksjon, og fleire russ i dag vel enklare og billegare løysingar.

Mange ungdommar har ei positiv oppleving av russetida, men det er òg fleire som rapporterer om negative hendingar. Nokre av dei største utfordringane med russetida er utestenging, dårlege erfaringar med rusmiddel, ulykker, vald, seksuell trakassering, seksuelle overgrep, kjøpepress, søvnmangel, konsentrasjonssvikt, dårlegare skuleresultat og fylleangst. I ei undersøking som blei utført på tre store russetreff i 2019, hadde 25 % av russen kjent seg utrygge, 29 % hadde skada seg, 12 % hadde blitt utsette for vald, 12 % hadde søkt medisinsk hjelp, og 26 % hadde gjort noko dei seinare angra på.

Gutar og jenter i russedressar festar og drikk saman i ein russebuss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rus i russetida

Det har vore mange mediesaker om russen sin bruk av rusmiddel, men det har ikkje blitt gjennomført så mykje forsking på bruken. Derfor kan det vere vanskeleg å beskrive rusmiddelbruken til russen heilt presist.

Det klart mest brukte rusmiddelet blant russen er alkohol. For mange russ er alkohol ein viktig del av feiringa, og det er ei utbreidd forventning om at ein skal drikke. Dei som ikkje drikk, bli møtte med negative reaksjonar, og fleire av russetradisjonane og rituala er eksplisitt knytte til alkohol. Nokre av desse tradisjonane, som å styrte alkohol eller drikke store mengder i løpet av eit døgn, kan vere svært farlege. Det er mange ulike faktorar som påverkar kor mykje alkohol du toler, og viss du drikk raskt, har du langt mindre kontroll over konsekvensane.

I russetida er det òg fleire som eksperimenterer med ulovlege rusmiddel. Det mest brukte ulovlege rusmiddelet blant ungdom er cannabis, men dei seinare åra har det òg vore auka bruk av kokain. I russetida er bruken av desse rusmidla ofte blanda med inntak av alkohol, og slike former for blandingsrus kan auke skaderisikoen ved å ruse seg ytterlegare. I verste fall kan til dømes kokain i kombinasjon med hard drikking utløyse hjerneslag eller hjartesvikt.

Det har blitt forska lite på dei negative konsekvensane av å vere russ, men ifølge enkelte undersøkingar kan russefeiringa føre til dårlegare skuleprestasjonar og dårleg helse. Ein studie viser til dømes at talet på hovudskadar blant nittenåringar aukar i løpet av russetida i mai.

Gut tilbyr ei jente ein joint på fest. Jenta held ein ølboks i handa og ser bort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaker til rusmiddelbruk

Kvifor er det så mykje bruk av rusmiddel i russetida? Den norske russefeiringa kan sjåast på som ein frå barn til vaksen. I løpet av feiringa skaper russen til ei viss grad ein fristad med andre normer og reglar enn det som gjeld i resten av samfunnet.

Sjølv om russetida på enkelte område kan likne overgangsritar vi finn igjen i andre kulturar, er ho på andre område eit heilt spesielt norsk fenomen. Det finst ingen andre land der avslutninga av vidaregåande blir markert med ein så langvarig, intensiv og organisert bruk av rusmiddel.

Festkulturen til russen

Måten russen festar på, skil seg på fleire måtar ut frå vanlege festar. Dei har eigne klede, symbol og musikk, dei festar på stader som vanlegvis ikkje blir brukte til fest (som parkeringsplassar), og dei møtest gjerne i store grupper som deler den same opplevinga. Feiringa er òg avgrensa i tid (fram til 17. mai), noko som er med på å skape ei kjensle av at dette er ei heilt spesiell "ein gong i livet"-oppleving.

Alle desse faktorane kan vere med på å skape ei sterk fellesskapskjensle blant russen. Samtidig kan uniformeringa, drikketradisjonane og den sex-og rusfikserte kulturen bidra til auka sex- og drikkepress. I ein studie frå 2019 svarte ein tredjedel av dei spurde at dei hadde opplevd drikkepress, og ein sjettedel av jentene hadde opplevd uønskt seksuell merksemd.

Firma som tener pengar på mellom anna russeklede, russelogoar og russelåtar, er òg med på å bygge opp under festkulturen til russen. Enkelte hevdar at den aukande kommersialiseringa har ført til at russen ikkje lenger er i førarsetet og styrer si eiga feiring.

Gutar og jenter i russedressar festar og drikk saman i ein russebuss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forventningane til russen

Det er ikkje berre bruken av rusmidla som gjer russefeiringa vill og uføreseieleg, men òg russen sine eigne forventningar til festane. Forventningar om at "alt er lov" er med på å skape auka aksept for overdriven rusmiddelbruk og utagerande seksuelle handlingar. Desse forventningane blir dermed ein , og ein del ungdommar gjer ting dei elles aldri ville gjort.

Nokre månader etter russefeiringa deltek mange av ungdommane i faddervekene på universitet og høgskular. Der er det òg vanleg å drikke alkohol, men desse festane er likevel langt meir beherska og kontrollerte enn russefestane. Dette viser at måten ungdommane oppfører seg på når dei er ruspåverka, i stor grad er styrte av deira eigne forventningar, og kva dei sjølv oppfattar som "innanfor" i det miljøet dei er ein del av.

Tips til ei god russetid

På sitt beste kan russetida skape sterke felleskap som varer livet ut. På sitt verste kan russefeiringa føre til ekskludering, rus- og sexpress og store fysiske og psykiske skadar.

Det er mange som har ei fin russetid utan å bruke rusmiddel. All bruk av rusmiddel har skadelege effektar og inneber ein viss risiko. Viss du likevel vel å bruke rusmiddel, har RUSinfo laga nokre tips til kva som kan bidra til å redusere risikoen for skadeverknader:

  1. Hugs at nokre rusmiddel treng tid for å gi ein verknad. Vent og ikkje ta meir av rusmiddelet før du veit korleis det verkar.

  2. Hugs at du raskt kan bli dårleg viss du blandar rusmiddel eller overdriv bruken.

  3. Ikkje ta eit rusmiddel du ikkje veit kva inneheld.

  4. Hugs at nokre rusmiddel og rusmiddelblandingar kan gi overdose. Finn ut kva stoff det er og unngå dei.

  5. Et og drikk noko alkoholfritt jamleg. Nok mat og væske reduserer risikoen for å bli sjuk og kan auke toleransen for rus.

  6. Pass på kvarandre. Hald deg saman med nokon du kjenner som kan hjelpe deg viss noko skulle skje.

  7. Ikkje ver redd for å ringe 113 etter hjelp. Det er mykje betre å ringe ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Har du behov for meir informasjon om rusmiddel, er usikker på noko om russetida eller har opplevd ting som russ du treng å snakke om, er det mange du kan ta kontakt med.

RUSinfo er ein informasjonstelefon der du kan få meir informasjon om rusmiddel. Det finst òg fleire andre instansar som kan hjelpe deg på skulen eller utanfor:

Denne artikkelen er laga i samarbeid med RUSinfo.

Kjelder

Brandvol, I. (2023, 16. mai). Ber elever være oppmerksomme etter russeavsløring. VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/y6bwP2/konkurransetilsynet-ber-elever-vurdere-andre-enn-russeservice-og-russedress

Bretteville-Jensen, A.l., Lyshol, J.K.B., Andreas, J.B., Gjersing, L., Gjerde, H. & Furuhaugen, H. (2019). RUSS-19: En studie blant deltakere på tre store russesamlinger våren 2019. Folkehelseinstituttet. https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2020/russ-19-en-studie-blant-deltagere-2020.pdf

Engblad, E. (2022, 31. mars). Fulle folk vil ikke overskride grenser bare fordi de er fulle. UiO. Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi. https://www.sv.uio.no/iss/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2022/folk-vil-ikke-overskride-grenser-fordi-de-er-fulle.html

Hansen, T.I. (2019, 9. mai). Russ. I Store Norske leksikon. https://snl.no/russ

Lande, C.F. (2023, 6. mai). Kokain i russetiden: Russebussen kan bli en frisone for rus. Forskning.no. https://www.forskning.no/alkohol-og-narkotika-partner-rus/kokain-i-russetiden-russebussen-kan-bli-en-frisone-for-rus/2193647

Pedersen, W. (2015). Bittersøtt. Nye perspektiv på rus og rusmidler. (3. utg.) Universitetsforlaget.

Rossow, I.M. (2022, 28. april). Russ og alkohol. Folkehelseinstituttet. https://www.fhi.no/le/alkohol/russ-og-rus/

Rusinfo. (u.å.). Russetid og rus. Hentet 26. januar 2024 fra https://rusinfo.no/aktuelt/russeguide/guide-til-deg-som-er-russ/russetid-og-rus/

Strand, M.G. (2022, 8. desember). Ingen russ skal føle seg utenfor. Forskning.no. https://www.forskning.no/mobbing-partner-psykisk-helse/ingen-russ-skal-fole-seg-utenfor/2120961

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2023

Læringsressursar

Rus