Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel om rus og grenser

Øv deg saman med andre på å setje dine eigne grenser, og utforsk kvifor det kan vere vanskeleg å stå imot gruppepress. I denne oppgåva skal de lage eit rollespel om rus og grenser og framføre det framfor resten av klassen.
Gutar og jenter i russedressar festar og drikk saman i ein russebuss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppvarmingsøving

Jobb saman med ein annan elev. Du skal argumentere mot ein person som forsøker å overtale deg til å drikke deg full, prøve eit ulovleg rusmiddel eller kjøpe alkohol til nokon mindreårige.

Den eine av dykk har rolla som han eller ho som står imot og forsvarer eigne grenser, den andre har rolla som han eller ho som forsøker å overtale den andre til å drikke seg full, prøve eit ulovleg rusmiddel eller kjøpe alkohol til nokon under 18 år. Byt roller etter nokre minutt.

Rollespel

Førebuing:

  • Del klassen i ulike grupper på 3–5 elevar kvar.

  • Kvar gruppe vel ein situasjon der det kan vere utfordrande for ein ungdom å setje eigne grenser når det gjeld rusmiddel. Ta utgangspunkt i forslaga under eller lag dykkar eiga forteljing.

  • Fordel rollene og øv dykk på å spele ut situasjonen. Forsøk å leve dykk inn i rollene og gjer det så realistisk som mogleg.

Forslag til ulike situasjonar:

  • Du er med ein vennegjeng på hyttetur. Nokon har med seg mykje alkohol og vil ha med alle på festen. Du vil ikkje drikke fordi du veit det vil gå ut over ein viktig treningskamp dagen etter.

  • Du er på eit nachspiel saman med nokre ungdommar som er eit par år eldre enn dykk. Dei rullar ein joint og let han gå rundt. Du seier først nei, men når du seier at du aldri har prøvd cannabis før, prøver dei å overtale deg til å prøve.

  • Du er på ein russebuss. Du har drukke nokre øl, har det heilt fint og ønsker ikkje å drikke noko særleg meir. Nokon andre på bussen tek fram ei flaske sprit og vil ta nokre rundar med shots. Alle dei andre er tilsynelatande med, men du har eigentleg ikkje lyst.

  • Du er på ferie og har treft ein gjeng ungdommar du liker veldig godt. Ein kveld bestemmer alle dei andre seg for prøve MDMA\ecstasy, men du er usikker og har eigentleg ikkje lyst til å prøve.

Framføring:

  • Gruppene framfører rollespelet sitt "live" framfor resten av klassen. De kan eventuelt spele det inn som ein video eller eit høyrespel.

Forslag til refleksjonsspørsmål etter framføringa:

  • Korleis opplevast det å bli utsett for press frå dei andre?

  • Korleis opplevast det å prøve å presse nokon andre til å gjere noko dei eigentleg ikkje hadde lyst til?

  • I kva situasjonar er det vanskelegast å stå imot press?

  • Kvifor pressar vi andre til å gjere det same som oss sjølv?

  • Kva kan du gjere for å stå imot press frå andre? Kom gjerne med konkrete forslag.

  • Korleis kan vi skape eit miljø der ingen blir pressa til å gjere noko dei ikkje har lyst til? Kom gjerne med konkrete forslag.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024

Læringsressursar

Rus